Søya og Todalen skytterlag melder at de no er i gang med skyteprøve til storviltjakta. Første kveld med skyteprøve er i kveld, måndag 25. juni frå kl 18-20 på skytebanen i Ranheimsvingen. neste måndag den 2. juli er det ikkje skyting, men frå måndag den 9. juli blir det skyting kvar måndag fram til og […]
Les heile saka
Magne Hansen har vore «fast inventar» som speaker på Todalsdagen ei årrekkje. Vi kjenner han frå midtbanen med den berømte klokka si, der han heldt kontroll med både start- og sluttider, og resultat.
Les heile saka
Ski- og friidrettsgruppa minner om lagseriestemnet på Bordholmen måndag kveld kl 18. Dette blir siste arrangement før ferien, melder leiar i ski- og friidrettsgruppa Gunnar Nordvik
Fredag kveld blir det dugnad for å klargjere anlegget på Bordholmen til Todalsdagen laurdag. Det blir rydding og slåttearbeid – kort og godt alt som står att når fredagen kjem. Dugnaden startar kl 18, og vi held på til vi er ferdige.
Les heile saka
Dette er eit nyoppretta samarbeid mellom Todalen Grendautval (tidlegare PT-utvalget) og FAU for Todalen Oppvekstsenter. Todalen Grendautval er formelt ansvarleg for dette nyoppretta prosjektet, som skal bidra til bolyst i bygda i åra framover.
Les heile saka
Over tusen på konsert med Byting og Katastrofe snudde pessimisme til optimisme for laksefestivalen fredag kveld, da vêret vart betre enn meld og det var stor stemning ved hovudscena på torgplassen. Bra besøk var det også på marknadsgata utover laurdagen, og vi trur at folk kosa seg i det travle og litt kaotiske torgmiljøet i torggata.
Les heile saka
Trivelig leilighet med fint uteområde i Kvendset borettslag ligg no ute for salg på finn.no. Leiligheta er oppført i 1998 og består av vindfang, stue og kjøkken i åpa løysning, bad, to soverom, ei bod samt ei utebod.
Les heile saka
Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore elendige forhold for fiske – NVEs vassmålar ovafor Storfossen har vis ei vassføring helt ned til 2,5 m3/sek dei siste dagane, og det har vore nærast umuleg å fiske. Det siste døgnet har det imidlertid regna jevnt, og vassmålaren etter kvart gått rett til værs og hamna på rundt 16 m3/sek i ettermiddag.
Les heile saka
Vêrgudane sørga for ein kald start på årets laksefestival, som starta torsdag kveld med familiearrangement ved Glønavatnet på Nordmarka. Torsdag opna marknadsgata med mange boder, der det vart tilbydd alt mellom himmel og jord. Det var in del folk i gatene mellom regnbygene, og det var fleire av utstillarane rapporterte bra sal på opningsdagen.
Les heile saka
I løpet av 2018 og 2019 skal feiarane Hans Christian Harstad og Marie Martinusen i Surnadal kommune kartleggje alle hytter og fritidsbustader etter at den nye forskrifta om brannforebygging trådte i kraft 1.1.18. Forskrifta seier at kommunen skal sørgje for at røykkanalane i fyringsanlegg som blir bruka til oppvarming av byggverk skal feiast, og at dei same fyringsanlegga skal førast tilsyn med, etter behov.
Les heile saka
Det blir ein kinofri fredag, da kulturhuset blir prega av god laksefestivalstemning den kvelden. Til gjengjeld vil det bli vist tre nye filmar laurdag og søndag, mens «Jurassic World» rundar av for denne gongen laurdag ettermiddag.
Les heile saka
Siste stavgangtur før sommerferien gikk torsdag til Nauståfossen ved Kårvatn. 35 deltakarar var med på turen innover til Nauståfossen og tilbake igjen til Kårvatn. Etter eit par månader med finvêr var vêrgudane litt mer i ulage i dag, så kaffepausen etter vart arrangert i den flotte gapahuken til Todalen Idrettslag på Tjønnmyra.
Les heile saka