Tida for årets jakt nærmer seg med stormskritt. Det er Surnadal Jeger og Fiskeforening som har ansvaret for småviltjakta på Kårvatn og denne vart opna for fordeling tidlegare i sommar. Her har det vore stor interesse allerede, med over 50 påmeldinger.
Les heile saka
No er det oppsett nye benkar i Svinvikrunden. Det er Todalen historielag som har sett opp benkane som er ei gåve frå Talgø. Benkane er ein god, gammel modell og er gode å sitje på. Etter plana skal det også med tida bli namneskilt som fortel kva berg, brekker, svingar og vegstrekningar heiter.
Les heile saka
Fredag 27. juli inviterer Stangvikfestivalen til utstillingsåpning med festivalkunstner Coby Omvlee etterfulgt av en «artist talk’ sammen med kurator og kunstner Brit Dyrnes. Årets Festivalkunstner er født og oppvokst i Nederland, men flyttet til Trondheim i 1980.
Les heile saka
Premiere på «Mamma Mia 2» på Surnadal kino fredag! «Tull og tynt tøys, dette her – i enda større grad enn forrige gang. Men det er godlynt, blidt tull og tøys, som mange vil kose seg glugg i hjel med», skriv VG og trillar til ein fire på terningen.
Les heile saka
Det har vore stor etterspørsel etter t-skjorter med dialektord frå Todalen som var i sal under Todalsdagen. Det vart da selt 2-300 stk til inntekt for prosjektet «Tursti Toåa». No er eit nytt parti med t-skjorter på gang, og no kan du sikre deg ei eller fleire t-skjorter i rett størrelse. Ta kontakt med Elinor Bolme […]
Les heile saka
Det går full krise i jordbruket på grunn av store tørkeskader. I Todalen ser det ut til å være verst på Kvennset, der 2.-slåtten ser ut til å bli på 30 % av normal avling og knapt nok det, seier Ola Kvendset som drivar i Viastua. – Eg må heilt sikker redusere med 10 – 15 dyr og kanskje meir. Nå er håpet at vi får ein god 3.-slått, og regnet som kom i dag har faktisk vore til god hjelp.
Les heile saka
Heilt sia 2010 har landets fylkeskommuner og Gjensidigestiftelsen saman med Friluftsrådenes forening og fleire til jobba med merking av turstiar der folk bor og ferdes. gjennom støtte til lag og foreninger er det merka ca 1100 turløyper på til saman 40.000 kilometer som tilsvarer rundt ekvator. No er det tid for å kåre den beste av disse og da gjeld det å ta del i avstemminga. Lokalt er Svinvikrunden ein god kandidat som er lansert.
Les heile saka
Måndag kveld var styret i Surnadal jeger og fiskeforening på befaring Todalen for å sjå på planane i Toåa Tursti. Styret hadde tidlegare i vår styrevedtak på at inntektene frå fjorårets andelotteri under Laksefestivalen skulle brukast i Toåa Tursti etter invitasjon frå Todalen Idrettslag.
Les heile saka
Laurdag samla Surnadal golfklubb 43 spelarar i forbindelse med Snorre Larsens minneturnering. Snorre var ein ivrig golfar, og var med og rekkruterte fleire yngre spelarar til golfklubben før han brått gjekk bort i fjor haust.
Les heile saka
Laurdag samla Terje Nordgarden troppene til konsert på Todalshytta – sist han var her var i 2016, og vi tykkjer det er artig at Terje tok seg tid til ein todalstur midt i travlaste ferietida. Nordgarden kom direkte frå Italia og han hadde familien med til Todalen denne gongen.
Les heile saka
31. oktober kjem Are Kalvø ti Surnadal kulturhus med oppsettjinga si «Hyttebok frå helvete». Her får ein oppleve ein komikars motvillige forsøk på å lære seg å elske naturen.
Are Kalvø er ein nordmann som ikkje verkar. Han vaks opp midt i eit postkort på Vestlandet, omgitt av fjordar og fjell som folk reiser halve kloden rundt for å oppleve, med turmuligheiter på alle kantar.
Les heile saka
Kvar søndag i sommarsesongen har Bøfjorden Historielag ope Sjøbruksmuseum, og kvar gong stå det eit tema på programmet. Bernt Bøe var forbausa, men godt fornøgd med at salen var fullsett da han presenterte dagens kåsør, Ole Kristian Gundersen frå Frei. Det var da så fint ver! Temaet var «Nordmørsbunad og Farstadvest».
Les heile saka