Todalen sanitetsforening har i mange år sendt julegåver til Estland. Dette skjer i samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg. Dei har alt sendt ein bil med gåver til Estland, og neste transport blir 14. november.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening har i mange år sendt julegåver til Estland. Dette skjer i samarbeid med Estlandsforeninga i Midt-Noreg. Dei har alt sendt ein bil med gåver til Estland, og neste transport blir 14. november.
Les heile sakaDet blir balleik i gymsalen på skulen onsdagar frå og med førstkommande onsdag 31. oktober til og med 12. desember. Her blir det som vanleg tider for dei yngste, og så for dei eldste ungane etterpå.
Les heile sakaOmsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening inviterer folk i bygda til middag torsdag 8. november kl. 14.00 i Sanitetshuset. Dei vil servere skinkesteik og kjøttkaker med godt tilbehør. Kaffe og dessert etter hovudretten. Pris 200 kroner.
Les heile sakaLaurdag var det jubileumsfest for 50-årskonfirmantane frå Todalen og Stangvik i Todalen Ungdomshus. Desse hadde gått i same klasse på nyskulen på Evenshaugen, og ønskte difor eit felles arrangement der dei kunne minnast konfirmajonstida. I Stangvik vart 15 ungdommar konfirmerte den 23.juni, og den 7. juli 1968 vart 11 konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest […]
Les heile sakaI dag har nesten 100 000 frivillige gått med innsamlingsbørser for den årlege TV-innsamlingsaksjonen. I år går innsamla midler til Kirkens bymisjon, og deira prosjekt «Mindre alene sammen» som skal arbeide for å skape eit varmere og meir inkluderande samfunn.
Les heile sakaEiny Elgsæther regisserte ein rikhaldig musikkandakt for fullsett Eidet Bedehus fredag kveld. Ho hadde skaffa dyktige bidragsytarar. Levanger-duoen Svein Gjære (komponist og pianist) og Svein Volle (solosong), Ola Bræin (munnspel) og Vidar Rygh (andakt) skapte fin oppleving av tonar, tekster og tolkingar. Dessutan sørga dyktige Normisjons-venner for servering av beste merke.
Les heile sakaTirsdag 6. november inviterer Byggmakker Surnadal til den årlege interiørkvelden i sine lokaler. Tidlegare arrangement har vore kun for damer, men denne gongen ønsker dei både damer og herrer hjerteleg velkomne til ein allsidig kveld med mykje inspirasjon, tips og triks innan interiør og byggevare.
Les heile sakaAstrid Lindgrens eventyrlige klassiker blir framført på Surnadal kulturhus søndag 28. oktober. MIO, MIN MIO er historien om den foreldreløse gutten som blir prins Mio. En storslått og vakker fortelling som vekker tanker om livet og døden, det gode og det onde og om kjærlighetens makt.
Les heile sakaDen nasjonale nærbutikkdagen vart skikkeleg markert laurdag – med full trøkk både på drivstoffpumpene, i kassa og ikkje minst i kaffekroken der det vart servert gratis kaffe og blautkake. Folk har både handla og kosa seg, og treft både naboen og folk som dei ikkje har treft før. Og sjølvsagt har nærbutikken vore tema – og kor stor betydning det har at vi har ein nærbutikk tilgjengeleg.
Les heile sakaSom tidlegare meldt inviterer Matkroken Todalen til kaffeslabberas på den nasjonale nærbutikkdagen i morgon laurdag. Da blir det også ei prisbombe med drivstoffprisar som vi berre kjenner frå 1900-talet – kr 12 pr liter både for bensin og autodiesel.
Les heile sakaDet vart eit både hyggeleg og lærerikt møte då Senioruniversitetet 17/10-18 besøkte Røv Mølle, og dei 26 deltakarane avslutta orienteringa med å få servert både bygg-graut, kaffe og kake – og omvisning. Mange av oss køyrer forbi mølla neste dagleg, men dei færraste har vore innom dørene, og enda færre har innblikk i den spennande mølledrifta som Lina og Tove Mogstad i dag står i spissen for.
Les heile sakaEr du verdsmeister og kan alt om bilkjøring, så treng du ikkje lese dette! Historia handlar nemleg om oppfriskingskurs for bilførere over 65 år. Bilbruk er nemleg eit viktig bidrag til eldre sin livskvalitet. Statens vegvesen inviterer derfor alle over 65 år til eit gratis oppfriskingskurs som går over to dager. Næraste kursstaden her er Sunndalsøra, og neste kurs er 21. – 22. november. Der kjem du heilt sikkert til å få deg ei aha-oppleving, og den er berre positiv!
Les heile saka