Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer prøve til skiskyttarmerket etter militært program på Toreseter. Det skjer førstkomande laurdag 19. januar 2019 kl. 13.00. Det er påmelding ved start. Programmet er 10 km langrenn med 10 skott liggjande på 100 meter avstand.
Les heile saka
Laurdag 19. januar inviterer Todalen sanitetsforening til strikkekaffe. Det er ope hus frå kl. 13.00 til 16.00. Alle er velkomne til sosialt samver med handarbeid, triveleg prat og kaffelag!
Les heile saka
Hålkeføre med litt nysnø oppå skapte problem for skulebussen på tur oppover til Kårvatn måndag ettermiddag. Bussen hadde liten fart, så utforkjøringa var heilt udramatisk. Uhellet skjedde tett attmed utløpet frå Vassosvatnet, og det var berre ein passasjer om bord i bussen. Verken passasjer eller sjåfør kom til skade og bussen kom og godt frå uhellet.
Les heile saka
På «søre luten» av Gran Canaria ligg det fleire turistbyar som kvart år har massevis besøk av massevis av norske turistar – trur faktisk det dreier seg om så mange som rundt 350 000 i året. Puerto Rico fristar mange, og her er mange prislister og plakatar på norsk i tillegg til andre språk. Når du høyrer folk snakkar på gata, så er det ofte norsk dei talar.
Mange av turistane har langtidsopphald her, og mange både korttids- og langtidsturistar er flinke til å trimme når dei er her. Eit populært mål for trimturar i området er sjølvsagt Norskeplassen – på 315 m.o.h. og ein stor times gange er den populært mål for trimmarar både frå Puerto Rico, Anfi og Arguineguin.
Les heile saka
I helga har årets første Norges Cuprenn i randonee vore arrangert i Skorgedalen. Arrangør var Romsdal Randonee Klubb, og på startstreken i klassen ungdom stilte Erik Kårvatn for Todalen IL. Fredag kveld var det individuell sprint og Erik konkurrerte mot Edvard Sætran Solli frå Torjulvågen. Erik var sterkast begge dagane og vann klassen sin. Han har etter ein sesong som både aktiv innan fotball og friidrett eit godt grunnlag til å hamle opp med mtstandarane i motbakkane.
Les heile saka
I januar er Torbjørn Brøske stasjonert i Arguineguin som prestevikar i rundt ein månad. Tidlegare har han og kona Rannveig gjort teneste her i 3 månader i 2015, og ein kortare periode i 2017 – da feira dei forresten jul her, og hadde deler av familien på julebesøk. Og det er slett ikkje nokon nybegynnar som tek teneste i Sjømannskyrkja på Gran Canaria, for Torbjørn har gjort teneste i til saman 14 år i Sjømannskyrkja på forskjellige plassar.
Les heile saka
Førstkomande søndag, 20.januar kl. 15.00, inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Helge Husby frå Tingvoll har skrive bok om slaget i Gratangsbotnen i 1940 der mange frå gamle Stangvik kommune deltok. Dette er utgangspunktet for kåseriet Helge Husby vil halde i Ungdomshuset.
Les heile saka
I dag har det vore rydda i kvistdungane nedover ved ekrekanten i Slåttøya ved Toåa Tursti igjen. Per Åke Jakobsson og Carsten Bohle har kutta opp ca 60 kubikk med flis på nokre ettermiddagstimar fra dugnaden tidlegare i fjor haust. Veret har vore litt stabilt vått den seinare tida, så dei har ikkje hatt anledning å gjort ferdig jobben dei starta før jul.
Les heile saka
Eit artig bilete gjekk omtrent overlegent ut med seiren av månadens bilete. V gratulerar til Magne Søyset, og vil levere premie ved fyrste anledning. Vi har noe alle som skal væra med i kåringa årets bilete, og kjem attende med den.
Les heile saka
Kvart år har lag og foreningar mulegheit til å søke Surnadal sparebank om midlar etter siste års overskudd. I år intet unntak, og banken oppfordrar alle med eit kundeforhold til å søkje.
Les heile saka
Det vart resultatet av møtet som Todalen Idrettslag inviterte til i går kveld, i forbindense med randoneé arrangementet siste helga i februar. Denne helga blir det arrangert to renn, eit vertikalrenn laurdag med start ved Dalahaugen på Kårvatn som går opp til Tydalsnebba, og sprint søndag som går i området rundt Dalahaugen og Dalalia.
Les heile saka
Denne veka har fjorårets resultat av Grasrotandelen vorte publisert. Heile 649 millioner kroner vart sendt til ut ulike lag og organisasjoner landet rundt, 194 millioner meir enn i 2017. Vi har teke ein titt i listene, for å sjå kva «våre» lag og foreningar i Todalen har fått i form av den lovfesta 7% av spelarinnbetalingar til Norsk Tipping sine spel.
Les heile saka