Koret Prosjekt 17, felespelaren Torgeir Leivdal og kantor Oddveig Helset Halle er hovudaktørar på Tonekvelden i Øye kyrkje onsdag 13. mars kl 19.30. Programmet byr på klassisk kyrkjemusikk, allsong med kor og forsamling, felemusikk og ikkje minst ei messe med lokalt særpreg.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening arrangerer Skiskytingens Dag ved skiskyttaranlegget på Nordmarka laurdag 16. mars 2019. Tidsrom frå kl. 12.00 til kl. 16.00. Vel møtt!
I dag har Erik Kårvatn debutert i randonee-VM i Villars, Sveits saman med resten av verdenseliten. Rundt 290 deltakarar fordelt på heile 31 nasjonar deltek, der Sveits, Italia og Frankrike er i ein divisjon for seg sjølv. Dagens øvelse var sprint, og både Erik og Edvard Sætran Solli gjennomførte ein fantastisk mesterskapsdebut i junorklassen, med kvar sine gode prologar som resulterte i ein 19. plass for Erik og 35. plass til Edvard.
Les heile saka
På Tjønnmyra var det familiedag med Barn i løypa. Litt utrygg værtype gjorde at det var ikkje all verdens store deltaking, men dei som var der storkosa seg i nysnøen – enten på ski eller med akebrett eller rattkjelke. Sjølv om været er litt «pjusk» så er det godt når ein først kjem seg utendørs og på Tjønnmyra ligg det fantastisk godt til rette for uteaktivitetar.
Les heile saka
Surnadal Taekwondo-klubb hevdar seg godt i konkurransen. I helga har ein gjeng vore i Ålesund, der dei har delteke i fylkesmesterskapet. Der har dei vist at dei kan reknast med og har både gull-, sølv- og bronsemedaljer i bagasjen på heimvegen.
Les heile saka
I dag er det mykje som foregår i Todalen. I 2. etasje i Skulstuå var det klesbyttedag, kor ein kunne gjere fleire gode «kupp» utan å betale ei krone. Maria Hagerupsen Halle og Astrid Longva Kvendset var primus motorer, og hadde på førehand fått samla inn mykje fint både av sko, klær og litt smykkesaker i ulike størrelsar.
Les heile saka
Vi er heldige som har Lars Stensby som bidragsytar med reisebrev til oss når han er ute i den store verden. Og Lars han er faktisk ute i den store verden både tidt og ofte, både i samband med jobben i Trondheimsfirmaet MainTech og når han hver sommer tar seg en langtur med BMW’n. Akkurat nå er han på jobb i Afrika, nærmere bestemt Luanda i Angola – bla om og les videre!
Les heile saka
Onsdag denne veka var Kjetil Haugen og Bjørnar Åsbø frå Rossåa settefiskanlegg ute på ein ny runde med rognplanting. Dei hadde med seg Kjell Øyen, som har sendt oss nokre bilder frå utsetjinga av nærare 20 000 rogn i Toåa.
Les heile saka
Det vart ei triveleg ettermiddagsstund med trekkspellkonsert i Skulstua laurdag ettermiddag. Det var 4/6-deler av The Invalidos som var forsterka med trubaduren og trekkspellmannen Konrad Nerland frå Lyngstad som sørga for underhaldninga. Med eit 20-tals tilhøyrarar blir det midt i blinken å kalle arrangementet for intimkonsert.
Les heile saka
Måndag 11. mars kl. 11.00 inviterer Todalen sanitetsforening til trimøkt i Sanitetshuset. Fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset er instruktør. Det blir trim både for vaksne og godt vaksne, både for dei som stiller på Kløvertur og Rusletur og alle andre interesserte som ønskjer gode trimtips!
Les heile saka
Det er no nyoppkjørte skuterløyper frå Øyalia, via Snekkardalshalsen og til skihytta melder Terje Nordvik som i dag har med seg Torkjel Ansnes Moe og Einar Husby på tur. Dei anbefaler resten av oss til å ta seg ein skitur i helgas finver. På Tjønnmyra blir det i løpet av ettermiddagen oppkjøyrt nye spor. Litt […]
Les heile saka
Søndag 10. mars kl. 11.00 er det gudsteneste i Todalen kyrkje. Da er det første søndag i fastetida, og fiolett er den liturgiske farga. Kristin Strand er prest og Bernt G. Bøe er organist. Preiketeksta er frå Matteusevangeliet, 26, 36 -45. Takkoffer til Kirkens nødhjelp.
Les heile saka