Det vart resultatet av møtet som Todalen Idrettslag inviterte til i går kveld, i forbindense med randoneé arrangementet siste helga i februar. Denne helga blir det arrangert to renn, eit vertikalrenn laurdag med start ved Dalahaugen på Kårvatn som går opp til Tydalsnebba, og sprint søndag som går i området rundt Dalahaugen og Dalalia.
Les heile saka
Denne veka har fjorårets resultat av Grasrotandelen vorte publisert. Heile 649 millioner kroner vart sendt til ut ulike lag og organisasjoner landet rundt, 194 millioner meir enn i 2017. Vi har teke ein titt i listene, for å sjå kva «våre» lag og foreningar i Todalen har fått i form av den lovfesta 7% av spelarinnbetalingar til Norsk Tipping sine spel.
Les heile saka
Eit enkelt lågterskel arrangement vart verkeleg ein innertiar, kunne Gudmund Kårvatn fornøgd konstatere etter at Todalen IL onsdag kveld arrangerte nybegynnarkveld for randonee-interesserte. Nesten 20 personar tok turen til Surnadal Alpinsenter for å gå motstrøms denne kvelden. Ja, for det er akkurat det dei gjer «desse randonee folka», vil kanskje mange tenkje, i sine tronge, ultralette trikotar. Men oppmøtet tilsa definitivt at interessa for sporten er til stades i vårt dalstrøk også, da særleg som ei vaksande trimaktivitet, fortel Gudmund.
Les heile saka
Vi er i starten av eit nytt år, og nye kalendrar blir hengde opp; i alle fall hos dei som likar å ha kalender på veggen og ikkje berre på mobilen. HAMOS har sett opp tømmekalender for 2019, men han kjem ikkje i posten lenger. Kalenderen er no å finne på heimesida til HAMOS. Men viss nokon ønsker seg ei papirutgåve for å henge opp, er det lagt ut på Halsbua. Og informasjon om søppelhenting ligg også i aktivitetskalenderen til todalen.no.
Les heile saka
Som alltid lyt vi ha hjelp til å finna ein vinnar til fjoråret sitt siste månadens bilete, og den siste kandidaten til månadens bilete. Vi har plokka ut desse
Les heile saka
Siste helga i februar blir det også i år arrangert randonne renn på Kårvatn. I den forbindelse inviterer Todalen IL til eit lite idemyldringsmøte for å få til ein familiedag under laurdagens renn. Ragnar Halle er pådrivar denne gongen, men behøver fleire til å hjelpe til, fortel han. -Her har vi mulegheit til å lage […]
Les heile saka
No er det tid for nytt sanitetsår – det blir medlemsmøte tysdag 8. januar kl. 18.30 i Sanitetshuset. Her er medlemer og andre interesserte velkomne! Alle, både i Todalen og i nabobygdene, er velkomne til å møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga og arbeidet i laget; det er heilt uforpliktande.
Les heile saka
Bibliotekar Karen Johanne Talgø melder at første kveld med ope bibliotek i 2019 er måndag 7. januar. Opningstida er som vanleg, altså frå kl. 18.00 til 20.00.
Les heile saka
I dag er det dessverre abonnentane ved Bjøråa vassverk som er utan vatn melder vakthavende ved Surnadal kommune; Tor Arne Moen. Han fortel at trafoen i Falla er årsaka. Denne må skiftast av Svorka og dette blir ikkje i orden før utover kvelden. Som ei mellomløysing kjem derfor kommunen og kobler til eit nødaggregat slik […]
Les heile saka
Onsdag kveld inviterer Todalen Idrettslag til randokveld i Sæterlia, i samarbeid med Surnadal Alpinsenter AS. -Endeleg, så blir det eit opplegg for dei som vil læra meir om randndonne også her i dalføret, fortel Gudmund Kårvatn.
Les heile saka
Det er berre å ringe rundt 11. januar i kalenderen og skrive «NB! Nyttårskonserten kl. 1900» inni sirkelen. Det har vore full sal på dei årlege nyttårskonsertane med TrondheimSolistene i Surnadal kulturhus. – Denne gongen blir sikkert ikkje noko unnatak, også av di at TrondheimSolistene har ein «lokal» komposisjon av Henning Sommerro på speleplana.
Les heile saka
Store nedbørsmengder dei siste dagane har ført til varseltrekantar med både gule og raude farger både på nedbør, flaum, jordras og sist men ikkje minst snøras i Trollheimen.
Les heile saka