Når det livnar i lundar og lauvast i li, inviterer kor og operaartistar til årleg Vårsongfest i Bøfjorden. Søndag opnar grendahust dørene til kvitrande vårtonar, allsong og sjøsalt kabaret. Gruppa TriOpera med Sigrid Vetlester Bøe, Maria Moen Nohr og Hedda Hansen Berg har makta å vekkje stor opera- og songinteresse på indre Nordmøre. Musikk som tidlegare vart skrudd av på radioen, har dei siste åra trekt fullsett Bøfjorden Grendahus.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening vil i samarbeid med Nordmøre brigadeveteranforening i år markere denne viktige dagen i Tingvoll kommune. Det vil gå minibuss fra Skei kl. 09.00, som tar ferga fra Kvanne kl. 09.30.
Les heile saka
Kulturavdelinga i Surnadal kommune melder at arrangementet ved Svartvatnet 1. mai er avlyst p.g.a. at det er meldt dårleg ver. Det er aktuelt å få til eit nytt Stikk UT!-treff seinare.
Les heile saka
Etter er ein lang påskepause vart det endeleg Kløvertur igjen. Denne siste måndagen i april var turen lagt til Hala og Husby med Åshild som guide. Veret var strålande, meir sommar enn vår! Og det er riktig så tørt og fint å gå i terrenget.
Les heile saka
På siste klubbmøte tysdag 23.april sette vi ein lavvo ved Skulstuå (gammelskulen). Det måtte mykje til for å få den opp. Først sette vi jernstenger ned i jorda og sette opp ei jernstang i midta. Alle hjalp til med å sette opp lavvoen. Då lavvoen var ferdig sett opp hadde vi quiz inne i lavvoen.
Les heile saka
Første mai opnar Stikk UT!-sesongen 2019, og i år er det ny turrute her i Todalen: Rundtur om Tjønnmyran. Dette er ein fin og grei tur. Turen er 3,7 km lang, og total stigning er 186 høgdemeter.
Les heile saka
Dei fire naboane slo seg i lag og inviterte til Vårtreff fredag og laurdag. Det var midt i blinken for publikum som slutta opp om dei to marknadsdagane som nærast vart to skikkelege sommardagar.
Les heile saka
Måndag 29. april er det klart for ny Kløvertur. Denne gongen blir det rundtur på Hala og Husby. Oppmøte på Hals kl. 11:00, samkjøring oppover til Austistua.
Les heile saka
Todalen oppvekstsenter med både skule og barnehagen var å såg på kunstutstillinga i Skulstuå i går. Sissel og Reidar serverte popcorn, kanapéar og velkomstdrink, og fortalte litt om bileta sine. Elevane fekk sjå korleis ein kan endre på foto i fotoshop, og at eit måleri er ikkje berre eit måleri. Det kan endrast og målast over fleire gong. Og blir gjerne til over tid.
Les heile saka
Svinviks Arboret er på jakt etter medarbeidarar til kafeteriaen i arboretet. Hagen er open for publikum i sommersesongen, fra midten av mai frem til august. Første opningsdag i 2019 er laurdag 11.mai. Høgsesong er i mai og juni, da besøker mange arboretet for å oppleve den vakre rododendronblomstringa. Meir info finn du her….
Les heile saka
Tirsdag kveld inviterer Toåa Tursti til dugnad i området bak gapahuken i Gunnøya. Her skal det ryddast daudt trevirke rundt om, hoggast litt i stitrasséen og ikkje minst ryddast ein del søppel som ligg og sleng i området. Trevirket skal samlast saman til stort sankthansbål som skal tennast søndag 23. juni i forbindelse med sosialt arrangement i området.
Les heile saka
No er det snart mai, og det er tid for å pynte både seg sjølv og bilen eller andre kjørety litt ekstra. Todalen sanitetsforening vil selje maiblomster laurdag 4. mai framfor Hals frå kl 10.00 til kl. 16.00.
Les heile saka