Laurdag opnar porten i Svinviks arboret for ein ny sommarsesong. Det er nok på tide, for dersom det kjem litt meir varme no, så blir det nok full rulle med rododendronblomstring i arboretet. Den kalde vêrtypen vi har hatt dei siste dagane har gjort at blomstringa nærast har stoppa opp – sist natt hadde vi kuldegrader i arboretet, fortalte Maja Frønes. Onsdag kveld var det dugnad i samarbeid med Surnadal Hagelag og med god deltaking var det fort gjort å rydde og rake rundt omkring i arboretet.
Les heile saka
I Todalen har skuleborna lang tradisjon for å hjelpe til med plakatar for å marknadsføre 17. mai-feiringa. Det var det velvilje for i år også, så i dag har det vore storstila plakatproduksjon i skulen. Resultatet kan du sjå på biletet på framsida der heile gjengen har stilt opp for fotografering med kvar sin plakat.
Les heile saka
Wencke Kvendset har funne ein nøkkel i stien ned mot Gunnøya i dag. Ho har teke vare på den, så om det er din kan du ta turen til Viastua.
17. mai nærmar seg med stormskritt trass iherdige snøelingar den siste veka. Vi har fått tilsendt årets program for Stangvik skulekrets.
Les heile saka
Det er nok mange som har lurt på kva slags byggverk som har vakse fram på austre del av banen på Bordholmen. No er det nok alle som ser at det dreier seg om ein ballbinge, og den er bygd med tanke på Todalsdagen, fortel Knut Bergli i fotballgruppa. – Den blir nok eit populært supplement på Bordholmen som kan brukast heile sommarhalvåret.
Les heile saka
Svinviks arboret og Surnadal Hagelag inviterer til den årlege vårdugnaden i arboretet førstkomande onsdag (8.mai) frå kl. 18.00.
Bed og stiar skal ryddast og gjerast klar til opning den 11.mai.
Etter endt arbeidsøkt blir det kaffe og ein matbit. Ta med egna redskap. Alle er velkomne på dugnad.
Måndag kveld hadde J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første seriekamp på Bordholmen i år, og det var Surnadal 1 som var på besøk. Til tross for at det berre var nokre få varmegrader var det stor fotballglede og godt humør i gjengen som entra grasmatta på Bordholmen.
Les heile saka
Etter veker med finver og gode temperaturar vart det på nytt vinter. Men kløverturgjengen tok ut på tur likevel og fekk ein fin runde innover skogsvegen frå Sanitetshuset.
Les heile saka
Stille og vakkert med Merete Husby som fotograf, stakk av med koppen og æra for det beste bilete i april. Vi gratulerer, og lovar å levera premie snarast.
Les heile saka
På grunn av snø/føretilhøva på kyrkjegarden er dugnaden som er tillyst i kveld utsett til torsdag 9. mai kl 17.30, melder soknerådet. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad, så får vi gje kyrkjegarden eit eit løft før sommaren tek tak.
I helga har det vore avslutning av randonéesesongen, med arrangement i Tromsø. I samband med reisa nordover var det sjølvsagt knytt stor spenning til om flystreiken skulle øydelegge sesongavslutninga. Det gjekk bra, og arrangement vart det og Erik Kårvatn representerte Todalen i Tromsø Skimo Skittentind.
Les heile saka
Strandryddegjengen i Nordvik grendalag trossa vêr, vind og snøbyger og gjorde jobben laurdag føremiddag. Det er heilt utruleg kor mykje plast dei fann berre på strandlina forbi Nordvik, konstaterte strandryddarane.
Les heile saka