Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skiftar til nyare breibandsteknologi

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Denne veka har Svorka jobba med vedlikehald av breibandsbasen ved Reiret. Denne basen har hatt ein type 3,5 GHz sendar som no vart skifta til meir moderne AC-teknologi. Denne basen har den siste tida berre forsynt nokre få brukarar, og dei som er berørt har no fått nye oppgraderte antenner.

Les heile saka

Gudsteneste komande søndag – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. januar 2019

Søndag 3. februar kl 11.00, er det 5. søndag i åpenbaringa, og gudsteneste i Todalen kyrkje med sokneprest Kristin Strand. Takkoffer til Kyrkjebladet – etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe. Alle er velkomne!

Les heile saka

Todalen Grendalag – lyst til å være med og bidra?

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. januar 2019

I fjor vart Todalen Grendalag (org.nr: 921156073) oppretta som arvtakar etter PT-utvalet. I samband med nytt år er det tid for å velja nytt styre til det nyoppretta laget. Årsmøte vil bli heldt i løpet av mars. Les vidare om målsettinga….

Les heile saka

Tingvoll vidaregåande med randoneelinje i samarbeid med Kårvatn

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. januar 2019

Tingvoll videregående skole starter randoneelinje – dette er unikt i Norge, skriv Driva.no som forteller at randoneelinjen skal ha base på Kårvatn i Todalen. – Så vidt meg bekjent blir vi den eneste skolen i landet med tilbud om randoneelinje ved skolen, og i hvert fall den eneste i fylket, sier rektor Steinar Bråthen ved Tingvoll videregående skole.

Les heile saka

Feirar tilskudd på 30 000,-

Elinor Bolme Onsdag 30. januar 2019

I går hadde formannskapet i Surnadal kommune saka om ekstra tilskudd til tre lokale nærbutikkar som skal yte nokre ekstra tjenester på vegne av kommunen oppe i sitt møte. Nærbutikkane dette er snakk om er Matkroken i Todalen, Matkroken i Bæverfjord og Coop Marked i Bøfjorden, og drivarane her venta nok litt ekstra i spenning […]

Les heile saka

Kjem Oscarvinnaren til Surnadal?

Steinar Hasselø Onsdag 30. januar 2019

«Green Book» vann «Golden Globe», og er også nominert til Oscar. Fredag 1. februar er det premiere på Surnadal kino.

Vi er tilbake i 1962 og ei italiensk-amerikansk dørvakt får jobb som sjåfør for ein mørkhuda klassisk pianist som skal på turne gjennom sørstatane i USA.

Les heile saka



Randoneehelg for både elite og for å skape familietrivsel

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. januar 2019

Det blir ei stor skihelg i Dalalia i 23.-24. februar, når Todalen I.L. skal arrangere NorgesCup i randonee og ventar besøk av norgeseliten, med renn for individuelle deltakarar laurdag og med sprint på søndag. Veldig artig at eliten – både herre- og dameløparane – har signalisert at dei kjem til Todalen for å delta, fortel Nils Ove Bruset, som er både rennleiar og leiar i Todalen I.L.

Les heile saka

Barn i løypa i friskt vintervêr

Jon Olav Ørsal Måndag 28. januar 2019

Det var stor aktivitet, og alle heldt seg varmen da Todalen I.L. arrangerte «Barn i løypa» måndag kveld. Med fyr på peisen i gapahuken, og litt varm saft som drivstoff var det full fart både i sporet og utafor sporet. Det såg ut som både store og småe kosa seg på det gode vinterføret i lysløypa på Tjønnmyran.

Les heile saka

Kvar einaste dag, i 10 år!

Elinor Bolme Måndag 28. januar 2019

10 år er snart gått sidan Todalen.no gjekk på lufta ein augustdag 2009 i forbindelse med lanseringa av barne tv-serien «Fjellgarden i Trollheimen». Og med det ambisiøse sloganet -kvar einaste dag, så har vi faktisk klart å hatt ein grei produksjon av stoff av ulikt slag i alle desse åra. I går var styret samla for ein gjennomgang av året som har gått sidan det snart er årsmøtetid, og ikkje minst planlegge kommande år på lufta.

Les heile saka

No e sola kåmma!

Elinor Bolme Sundag 27. januar 2019

Ja, i dag har vi sett ho i deler av bygda i alle fall. 27. januar er ein merkedag for fleire av husstandane på Husby da sola kliv over fjella og tittar så vidt inn stueglasa nokre etterlengta minutt. Mange har i dag nytt dagen ute i det fine, men litt kalde vêret. Både etter veg til fots eller med spark, på ekrene med ski eller kanskje nytt ein fjelltur i retteleg pudderføre. 

Les heile saka