Toåa tursti inviterte til St. Hans-feiring ved gapahuken i Gunnøya søndag kveld. Sjølv om regnbygene gikk ganske tett utover dagen så klarte ikkje vêrgudane å skremme bort folket som ville delta på feiringa. I samband med tursti-dugnad var det samla saman eit stort bål med kvistar og anna rusk og rask, og handelsmann Nordvik kom med dieselkanna si og jammen fekk han fyr på bålet til slutt.
Les heile saka
Måndag 24. startar oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen, melder Søya og Todalen skytterlag. Deretter blir det skyting på måndagar frå 8. juli og fram til 26. august som er siste dag for oppskyting. Til skyteprøven for storviltjakt må du ha 30 prøveskot før du kan ta skyteprøven, og du må ha to kveldar på skytebanen.
Les heile saka
Søndag kveld klokka 18 blir det stort felles St Hansbål i Gunnøya. Det blir enkelt opplegg der alle tek med seg mat og drikke sjølv som ein kan kose seg med rundt gapahuken etterpå. Anledning til å varme både pølser og anna høveleg grillmat på bålet.
Les heile saka
Nordvik grendalag melder at det blir Jonsokfeiring i dag, 23. juni, i Nistufjøra. Grendalaget stiller med varme grillar frå kl. 18:00 og utover. Ta gjerne med noko å sitje på. Vel møtt til store og små!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til RUSLETUR – Kløvertur måndag 24. juni. Denne gongen er det oppmøte ved SANITETSHUSET kl. 11:00. Viss det er fint og stille ver, blir det Rusletur utover til Småbåthamna med base der. Er det sur vind, blir det base ved Sanitetshuset.
Les heile saka
I dag kom årets nyheit i Todalen rullande inn ved badeplassen i småbåthamna. Todalen Grendalag har ordna med ei enkel sanitærløysing til alle som ferdast i området, da med særleg tanke på dei som brukar badeplassen. Dette har vore eit savn over lengre tid, sidan einaste «tilbudet» tidlegare har vore å gjere frå seg i nærområdet for den med prekære behov.
Les heile saka
Dei siste par dagane har det pågått kantslått, både her i Todalen og utafor Kammen. Fint at det blir rydda litt rundt vegkantane no, før ferietrafikken setter inn for fullt. det er viktig at ein viser litt hensyn til slike aktivitetar, da det lett kan oppstå farlege situasjonar med forbikjøring og passering. Håpar også at […]
Les heile saka
På bakgrunn av gårsdagens kommunestyremøte har det vorte reaksjonar på forslag om samanslåing av barnehagane ved Todalen og Stangvik Oppvekstsenter. Bjørn Gunnar Ansnes har i eit leserinnlegg nokre refleksjonar rundt dette. Todalen.no har lagt seg på ei linje utan lesarinnlegg, men gjer eit unntak for dette som også beskriv mykje positivt rundt busetjing som er på gang i Todalen for tida.
Les heile saka
Det nærmar seg jonsok og ferietid med rolegare dagar, og derfor er det mange sommaravslutningar no om dagen. Torsdag kveld var det tid for sesongavslutning for lagseriestemna. Her var det stort oppmøte, heile 24 ungar og mange vaksne!
Les heile saka
Terje Kristiansen er godt kjent i Toåa og har fiska laks her i mange år – i fjor var han dreng på Todalshytta og fekk skikk på rododendronhagen oppå der. I dag trefte vi Terje ved hengebrua – oppdaga at det stod ein open gitarkasse ved bilen der. Dermed vart det ein stopp for å […]
Les heile saka
Torkjel og Knut går seg ein tur til skihytta på laurdag, og setter igang vaffelpressa. Alle som har lyst er hjerteleg velkomne innom til eit triveleg kaffelag. Om dei ikkje går på ein formsprekk, vil bakelsa være klar til 11.00.
Les heile saka
Torsdag denne veka var det Nauståfossen på Kårvatn som var turmål for stavganggruppas utflukt. Til saman vart det 25 deltakarar på turen som gikk frå parkeringsplassen ved Kårvatn og innover etter vegen til Myrvang og vidare inn på den merka stien til Nauståfossen – ein fin og lett tur på eit par kilometer som kan forserast i joggesko eller fjellsko.
Les heile saka