Like etter at Øygarden bolig- og hyttetomter ble utlagt for salg, var det mange som søkte både på boligtomter og hyttetomter. Først ute var Ivar Vikan, og familien kunne flytte inn i nytt hus i andre halvdel av juni måned i år. Asbjørn Holten er også kommet godt i gang med bolig nr. 2, og her er det han og faren som står for byggingen.
Les heile saka
Fiskekortkassen til Surnadal JFF på Kårvatn er broten opp og øydelagt. Her har det vore mulig å kjøpe fiskekort på sjølvbetjening, for den som har hatt med fiskestong på tur. – Det er synd at det ikkje går an å få ha i fred slikt som dette, som kan være ein god service til SJFF medlemar og andre som vil ta seg ein fisketur, seier SJFF-veteran Ragnar Halle.
Les heile saka
Terje og Edvard Nordvik nytta i dag finvêret til å friske opp utearealet ved butikken. No blir det slutt på «kryss og tvers»-parkering når karane blir ferdig med oppmåling av nye parkeringsplassar rundt inngangen på Hals.
Les heile saka
Til tross for tronge budsjett for kommunale vegar så det hører kantslått med til sommaraktivitetane. Denne veka har Teigan Maskinstasjon sørga for at dei kommunale vegane har får stussa ugrasvoksteren og småbusker rundt vegkantane.
Les heile saka
Rundt 10 personar møtte på dugnaden som ski og friidrettsgruppa inviterte til i går kveld. Og med stort pågangsmot og rå muskelkraft fekk dei raka heile løpebanen som i forrige veke var oppfresa. Dei mest pessimistiske trudde naturleg nok at ein ikkje rakk å rake heile på ein kveld.
Les heile saka
Når sommaren og ferietida kjem er det behov for å få ei forandring i kvardagen. Det kan være lokalt i bygda, eller det kan være godt å ta ut litt, og sjå korleis det er andre plassar. I dag kan vi by på ein liten tripp til Valsøyfjorden i Halsa kommune – som faktisk blir Heim kommune i lag med Hemne frå nyttår. i Valsøyfjorden har dei faktisk litt av kvart å by på….
Les heile saka
Det var godt oppmøte på skytebanen da Søya og Todalen skytterlag arrangerte skyteprøver for storviltjegrar måndag kveld. Alle som skal på storviltjakt må kvart år ta obligatorisk skyteprøve, der ein først må skyte 30 prøveskott, og så 5 skott og 5 treff på dyrefigur for å avlegge skyteprøven.
Les heile saka
Årets kommunevalg nærmar seg, og fleire av de politiske partia startar no intensiveringa mot 9. september og kampen om stemmene til det som skal bli Surnadal kommunestyre 2019-2023. I den forbindelse lanserte Surnadal Arbeiderparti i dag sitt partiprogram for den neste fireårsperioden.
Les heile saka
Tirsdagkveld inviterer Ski- og friidrettsgruppa til dugnad på Bordholmen. Denne gongen er det løpebanen som står for tur og treng ei oppgradering. Sist veke har banen vorte horva opp for å få bukt med graset som sakte men sikkert har teke over i løpefeltet. All denne torva lyt no rakast opp slik at baben blir ugrasfri igjen og klar for nye rekordar.
Les heile saka
I morgon held Slettneset Steinovnsbakeri open kafe igjen. Her blir det mulegheiter til å kjøpe seg ein kaffekopp og nystekt hvetebakst i fine omgivelsar, ute eller inne.
Les heile saka
Etter at laksefisket starta 15. juni har det vore variabelt fiske, med 3-4 lakser de par første dagene og deretter har det vore både for lita og for stor vassføring. Etter at siste regnvêret ga seg har vassføringa gått ned frå rundt 30 m3/sek til rundt 10 m3/sek i dag. Det blir rekna for å være fin fiskarelv, og etter at sola har varma litt er også temperaturen på plass. Sjølv om ikkje laksebørsen er oppdatert veit vi at det i dag vart landa ein laks på 9 kg i Romåhølen.
Les heile saka
I går kveld var den trsdisjonelle sjøfiskekvelden gjennomført på Nordvik. Gøran Bolme i Surnadal Jeger og fiskeforening har sendt oss ein statusrapport.
Les heile saka