Lensmann Olav Halse beklagar at passkiosken ved lensmannskontoret er ute av drift på grunn av tekniske problem. Det er høgsesong for å fornye pass for tida, så dette passa dårleg, men han håpar at det går fort å kome i drift igjen. – Vi ventar på ein del til passkiosken, men vi er usikre på kor lang tid det tek å få delen hit, men håpar sjølvsagt at dette går fort. I mellomtida kan Sunndal lensmannskontor og Aure lensmannskontor yte bistand.
Les heile saka
No er det nedteljing til Todalsdagen, og Anders Gjeldnes som held i alle trådar før årets happening kan fortelje om rimeleg god kontroll i dei fleste komitear. Banekomiteen har blant anna så god kontroll at dugnaden som var tiltenkt på onsdag ikkje er nødvendig.
Les heile saka
Måndag 24. juni inviterte Sanitetsforeninga til Rusletur, siste Kløverturen i vårsesongen 2019. Dette vart ein fin sommardag, så da gjekk turen til Småbåthamna der det er fint å samlast ved sjøen.
Les heile saka
Indre Nordmøre forsvarsforening og Nordmøre Brigadeveteranforening vil i sommar arrangere «Forsvarshistorisk sommer tur til Surnadal». Det skjer onsdag 26. juni og byr denne dagen på eit variert program for sine medlemer.
Les heile saka
Torsdag 27. juni er det klart for siste stavgang før sommerferien. Da tar vi av like før Åsskard kirke og kjører ned til en stor parkeringsplass. Derfra går vi vestover i ca. 45 min. før vi snur og går samme veien tilbake.
Les heile saka
Toåa tursti inviterte til St. Hans-feiring ved gapahuken i Gunnøya søndag kveld. Sjølv om regnbygene gikk ganske tett utover dagen så klarte ikkje vêrgudane å skremme bort folket som ville delta på feiringa. I samband med tursti-dugnad var det samla saman eit stort bål med kvistar og anna rusk og rask, og handelsmann Nordvik kom med dieselkanna si og jammen fekk han fyr på bålet til slutt.
Les heile saka
Måndag 24. startar oppskyting på skytebanen i Ranheimsvingen, melder Søya og Todalen skytterlag. Deretter blir det skyting på måndagar frå 8. juli og fram til 26. august som er siste dag for oppskyting. Til skyteprøven for storviltjakt må du ha 30 prøveskot før du kan ta skyteprøven, og du må ha to kveldar på skytebanen.
Les heile saka
Søndag kveld klokka 18 blir det stort felles St Hansbål i Gunnøya. Det blir enkelt opplegg der alle tek med seg mat og drikke sjølv som ein kan kose seg med rundt gapahuken etterpå. Anledning til å varme både pølser og anna høveleg grillmat på bålet.
Les heile saka
Nordvik grendalag melder at det blir Jonsokfeiring i dag, 23. juni, i Nistufjøra. Grendalaget stiller med varme grillar frå kl. 18:00 og utover. Ta gjerne med noko å sitje på. Vel møtt til store og små!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til RUSLETUR – Kløvertur måndag 24. juni. Denne gongen er det oppmøte ved SANITETSHUSET kl. 11:00. Viss det er fint og stille ver, blir det Rusletur utover til Småbåthamna med base der. Er det sur vind, blir det base ved Sanitetshuset.
Les heile saka
I dag kom årets nyheit i Todalen rullande inn ved badeplassen i småbåthamna. Todalen Grendalag har ordna med ei enkel sanitærløysing til alle som ferdast i området, da med særleg tanke på dei som brukar badeplassen. Dette har vore eit savn over lengre tid, sidan einaste «tilbudet» tidlegare har vore å gjere frå seg i nærområdet for den med prekære behov.
Les heile saka
Dei siste par dagane har det pågått kantslått, både her i Todalen og utafor Kammen. Fint at det blir rydda litt rundt vegkantane no, før ferietrafikken setter inn for fullt. det er viktig at ein viser litt hensyn til slike aktivitetar, da det lett kan oppstå farlege situasjonar med forbikjøring og passering. Håpar også at […]
Les heile saka