Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang med årsbeste til Torvika

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mai 2018

Det var nok rekordmessig deltaking under stavgangturen til Torvika torsdag føremiddag, der hel 49 deltakarar møtte fram. Sol og varmt var det, men det begynner vi å bli vant til no. Under dagens stavgangtur var det oppmøte og parkering heime hos Randi Lysø, og derifrå var det berre å gå så langt som du lysta utover.

Les heile saka

Andelodd blir til tursti langs Toåa

Jon Olav Ørsal Torsdag 31. mai 2018

I dag satt Michal Heimlund standhaftig og bydde fram andelodd til folk som var innom Matkroken i Todalen. For ein hundrelapp er du med på trekninga på Surnadal Jeger & Fisks andelotteri som har trekning under Laksefestivalen seinare i vår.

Les heile saka

Her vil vi bygge og her vil vi bo!

Elinor Bolme Onsdag 30. mai 2018

FAU ved Todalen skule inviterte i kveld alle foreldre med born i skulepliktig alder til eit møte for å kartleggje ønsker og behov for Todalen skule i framtida. Leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes orienterte i forkant om kva som no skjer vidare i saka som utredningsrapporten som Surnadal kommune skal leggje fram for kommunestyret den 13. september.

Les heile saka

10.-klassen på «bli kjent tur»

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. mai 2018

Onsdag var 10.-klassen ved Surnadal ute på busstur for å bli kjent i sitt eige distrikt. Da gikk turen mellom anna til Todalen, der dei var innom fleire plassar som Svinviks arboret, Todalshytta, gammelfabrikken i Brusetmarka og ein svipptur til Kårvatn.

Les heile saka


Totalforbud mot open eld inntil vidare

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Det er stor skogbrannfare i det meste av landet, og brannsjefane i Nordmøre og Romsdal innfører difor eit midlertidig totalforbud mot bruk av open eld utadørs. Det har vore minimalt med nedbør i mai månad, og det er tørt både i skog og mark. Brannfaren er overhengande og difor kjem no forbudet.

Les heile saka

Barnehagen oppmodar: – Kom på kunstutstilling!

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Todalen barnehage skal ha Sommarkafè og opne utstilling i Skulstuå torsdag 31. mai kl 13.30. Dei inviterer alle til å kome og få ein kaffekopp – og til å sjå på noko av det barna har laga i løpet av året. Utstillinga held ope til kl 15.30. Alle er velkomne på utstilling!

 


Startar slåtten mot sin vilje

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Ola Kvendset er i gang med slåtten – han er først ute i år, men det er mot sin vilje fortel han. – Må berre starte på no, for det er så tørt at graset minkar for kvar dag som går no. Lite regn, men mykje sol og høg temperatur gjør at den tørkesvake jorda på Kvennset no tek skade av tørken.

Les heile saka

Slåttedugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Tysdag 29. mai 2018

Måndag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Ei 20-tal deltakarar tok jobben med rydding, kantslått og finpuss rundt omkring på kyrkjegarden.

Les heile saka

Tur til Valsøyfjord

Dordi Jorunn Halle Måndag 28. mai 2018

Leiaren i Todalen historielag minner om at fristen for å melde seg på turen til Valsøyfjord er 1. juni. Det er framleis nokre få ledige plassar i bussen. Påmelding til Marit Haugen eller John Moe.

Stangvik historielag og Todalen historielag inviterer til busstur 9. juni. I fjor gjekk turen til Oppdal – i år går turen til nabokommunen vår Halsa, nærare bestemt Valsøyfjord.

Les heile saka