Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skal kjempespringfrø få lov til å spre seg?

Jon Olav Ørsal Måndag 12. august 2019

I Todalen finns det fleire forekomster av kjempespringfrø, men enno er det ikkje meir enn at det kanskje kan være forsøket verdt å prøve å bekjempe denne planta. Den er ettårig å formerer seg gjennom frøsetting, og sprer frøa sine ved at den gjennom ein eksplosjon kaster dei opptil eit par meter. Kjempespringfrø er på svartlista i Artsdatabanken, og dermed uønska i Norge, da den konkurrer med anna vegetasjon som den ofte konkurrerer ut.

Les heile saka

På jakt etter Kallaspor i Europa og Amerika, no til Roma.

Dordi Jorunn Halle Sundag 11. august 2019

I 2013 var det 100 år sidan Kalla Skrøvseth vart fødd på Tellesbøbakkå i Surnadal, og familien bestemte seg for å følgje i spora til Kalla for å finne ut meir om kva som inspirerte og påverka kunstnaren Kalla. Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth drog til Roma dit Kalla reiste i 1952. På siste opningsdagen for Kallastuå 2019 kåserte dei om ei spennande reise til Roma og Vatikanstaten; reisa vart komplisert på grunn av at akkurat da dei kom dit, vart det val av ny pave, pave Frans. Det førte til meir eller mindre kaos i byen.

Les heile saka

Med Stangvik Historielag til Storsetra og Torviksetrene

Marit Haugen Sundag 11. august 2019

Dagen kom med opp mot 20 varmegrader, landvind og opphaldsver da Stangvik Historielag arrangerte tur frå Stangvika om Storsetra og til Torviksetrene. Ca 15 stk møttes på Storsetra for å gå den nyrydda og nymerka ruta over mot Torviksetrene. Før vi gjekk vidare, fekk vi høre litt om historia til Storsetra. Det gamle seterskjelet brann opp etter lynnedslag den 22. juli 1954, og dermed vart siste året for setring her i 1953.

Les heile saka

Vart midtnorsk mester på 800

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2019

Laurdag vart Erik Kårvatn midt-norsk meister på 800 under stemne i Stjørdal. Med tida 2.06:51 på 800 meteren er han kvalifisert for Ungdomsmesterskapet som blir arrangert på Jessheim i september, skriv Trollheimsporten på sine nettsider.  Les meir på Trollheimsporten

 


Ny stavgangsesong på gang

Jon Olav Ørsal Sundag 11. august 2019

Sommeren er på hell, og det er tid for å finne fram sekk, staver og gode sko for å begi seg ut på vandring. Stavganggruppa er i gang med ny sesong, og første turen går til vakre og gjestfrie Igltjønna, som venter oss i år – som i fjor!

Les heile saka

Asfaltering av stikkrenner

Elinor Bolme Sundag 11. august 2019

Mesta orienterer om at det blir asfaltering av stikkrenner på Nordvik, mandag 12.08.19. Det vil bli manuell dirigering på stedet. Etter kvart vil Statens Vegvesen asfaltere heile strekninga frå Nordvik til Svinvika.


Feira 10 år for fullt hus!

Elinor Bolme Sundag 11. august 2019

Med 10 år på lufta, totalt 3,2 millionar besøk kor 517 000 av desse er unike besøkende, så kunne Todalen.no i går kveld feire seg sjølv saman med 100 gjestar i Todalen Ungdomshus. For om forhåndssalget av billettar gjekk litt seint i starten så tok det seg opp til gangs utover laurdagskvelden når folket strømma på til jubileumsfeiringa.

Les heile saka

Valkampen i full gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag var det «fullt kjør» med valkamp på Matkroken. Når Senterpartiet pakka saman, så kom Surnadal AP for å gjøre sine hoser grøne – eller kanskje ein heller skal seie raude – for Todalingane. Det gjekk enno an å få til litt politisk debatt i Kaffekroken, og kaffeservering vart det sjølvsagt.

Les heile saka

Ryddar i parkeringa

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag nytta John Moe høvet til å merke parkeringsplassane framfor Talgø-fabrikken på Kvennset. Tidlegare har Matkroken fått rydda opp i parkeringa framfor butikken, slik at det blir flyt i trafikken.

Les heile saka

Det stundar mot kommuneval

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag var lokale kandidatar på Senterpartilista på valkampplass utafor Matkroken i Todalen. Frå Todalen stiller Ragnar Halle, Ragnhild A. Moe og Håvard Halset på Senterpartiets liste – i dag hadde dei med seg Nils Håvard Øyås på stand.

Les heile saka

Ap-stand kl 14

Elinor Bolme Laurdag 10. august 2019

Surnadal Arbeidarparti melder:
Treff ordførarkandidat Annett Ranes og fleire flinke folk på Ap sin stand ved Matkroken i Todalen i dag! Vi er der frå kl. 14. Velkommen!