Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddar i parkeringa

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag nytta John Moe høvet til å merke parkeringsplassane framfor Talgø-fabrikken på Kvennset. Tidlegare har Matkroken fått rydda opp i parkeringa framfor butikken, slik at det blir flyt i trafikken.

For at det skal vare flyt i trafikken, og at vareleveransar til Matkroken og Talgø ikkje blir hindra er det viktig at ein tek hensyn til merking og henvisinger.  På plassar som er merka med kryss er det forbod mot parkering – for eksempel framfor Talgø er eit par plassar merka slik for at dein skal kome ut på vegen med store bilar. 

Publisert: 10. august 2019, 12:54