Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira 10 år for fullt hus!

Elinor Bolme Sundag 11. august 2019

Med 10 år på lufta, totalt 3,2 millionar besøk kor 517 000 av desse er unike besøkende, så kunne Todalen.no i går kveld feire seg sjølv saman med 100 gjestar i Todalen Ungdomshus. For om forhåndssalget av billettar gjekk litt seint i starten så tok det seg opp til gangs utover laurdagskvelden når folket strømma på til jubileumsfeiringa.

Kvar einaste dag

Todalen.no har med sitt slagord -kvar einaste dag, bevist at utspringet frå bygdemobiliseringsprosjektet Godt Mot Todalen i 2009 vart liv laga. Både styret og redaksjonsstammen har i åra vore stabil slik at det har vorte levert nye saker kvar einaste dag gjennom desse åra. Nils Ove Bruset som hadde vorte utfordra på ei jubileumstale hadde teke eit djupdykk i alle dei vel 8000 publiserte artiklane, og kunne konstatere at dette viste til eit snitt på 2 nye artiklar kvar dag til ei målgruppe som i oppstarten skulle famne 300 innbyggjarar i Todalen. Om ikkje alle sakene var like viktige og hadde nødvendigvis den mest interessante nyheitsverdi, så kunne han konstatere at nettstaden er ein viktig informasjonskanal både for bedrifter, lag og organisasjoner som er medlemmer, og ikkje minst for dei ulike lesarane. I tillegg tykte han at det var betryggende at han hadde over 400 publiserte bilder av seg sjøl, med god margin på nummer to Terje Nordvik.

Jubileumshelsingar 

Tala og ikkje minst tilbakemeldingane viser at nettstaden er godt benytta utanom bygda også, med besøk frå heile 111 like land. -Eg er sjølv inne på Todalen.no kvar einaste dag, kunne ordførar Lilly Gunn Nyheim fortelje da ho overrekte ein gavesjekk på 2500 kroner frå Surnadal kommune til jubilanten. Det kunne også John Moe frå Todalen Historielag og Maren Ansnes frå Todalen sanitetsforening bekrefte. -Vi ser verkeleg nytta av å være medlem her for å nå ut med vårt budskap, fortalte John. Maren var skjønt ening, og ønska på vegne av sitt styre å auke medlemskontingenten med 1000 kroner i 2020 som deira jubileumsgåve.

Dagens fire redaktørar er klare for å feire 10 år på lufta. Frå venstre Dordi Jorunn Halle, Mari Redalen, Elinor Bolme og Jon Olav Ørsal.

Gårdsslakteriet Sylte AS sørga for at alle gjestane fekk valuta for inngangsbilletten. Dei leverte heilstekt gris med alskens godt tilbehør. Frå venstre Jorid Sylte, Stine Havnes og Ola Sylte.

Foredrag og minikonsert 

Etter maten starta det offisielle programmet. Her vart det først eit inspirasjonsforedrag av Jo Kristian Kvernland som er ein av to grunnleggjarar av Kortnebbgåsas Ve og Vel frå den vesle bygda Beitstad i Steinkjer. Han fortalte historia om korleis han og kompisen snudde den trauste bygda til å bli den beste plassen å bu og trivast i. Og ikkje minst kunsten å byggje identitet og omdømme.

 

Gjess we can; fem enkle grep for å lykkast med å snu noko lite positivt til ein suksess.

Jubileumssong

Tone Søyset Døving med sitt husband fekk æra av å avslutte programmet. Ho starta si karriere på akkurat samme scene som 10-åring saman med Jon Lunde akkompagnert på trekkspell med songen «Lykkeliten». Ho tykte det var stas å få lov til å komme heim for å bistå i markeringa. Med Gudmund Husby på cello og Jan Peter Husby på orgel framførte ho lokale nordmørske songar, med publikum i si hule hand. «I slåttatæja» og «Nordmørsminne» slår aldri feil, ei heller ikkje «Oppi Romådala». Men den sjølvskrevne songen  «Kaffekopp på klåppa» til ære for Todalen og jubileet sette nok ut dei fleste som var tilstades. 

Jon Husby og Tone sette punktum på ei vellykka jubileumsfeiring med «Lykkeliten».

Konferansier Stig Husby kunne etter at programmet var over konstatere at det vart ein vellykka kveld. -Folk kosa seg med fantastisk mat i godvêret og akkurat passeleg med god underholdning etterpå. -Med uunværleg hjelp fra Todalen grendalag som styrte på kjøkkenet så vart dette ei perfekt jubileumsmarkering!

Styret i Todalen.no ønsker å rette ein ekstra takk til jubileumssponsorane sine : Talgø, Sparebank SMN 1, Svorka, Surnadal Sparebank og Matkroken Todalen. Og ikkje minst daglege lesarar, bidragsytarar og ulike medlemmer!

Under er eit rikhaldig bildegalleri frå feiringa. Alle foto ElinorB

  

Publisert: 11. august 2019, 00:20