Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Valkampen i full gang

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. august 2019

Laurdag var det «fullt kjør» med valkamp på Matkroken. Når Senterpartiet pakka saman, så kom Surnadal AP for å gjøre sine hoser grøne – eller kanskje ein heller skal seie raude – for Todalingane. Det gjekk enno an å få til litt politisk debatt i Kaffekroken, og kaffeservering vart det sjølvsagt.

Eit aktuelt tema var APs ønske om å etablere fleire mindre leiligheter med tanke på å få yngre folk til å etablere seg i Todalen. Startboliger bør ha nærhet til butikk og andre servicetenester, og ha ein overkommeleg pris.

Kom og få vassflaske! Dei 12 første som kjem til postkassen for Svinvikrunden etter kl 16 får seg ei vassflaske med på turen! Frå venstre Odd Arild Sande, Lilly Gunn Nyheim, Anett Ranes og Jon Bruset Foto: Jon Olav Ørsal

Anett Ranes er APs ordførarkandidat og var oppteken av å gjera seg kjent med todalingane, medan Lilly Gunn Nyheim no går ut av kommunepolitikken og vil engasjere seg på fylkesplanet og prøve å sikre seg plass på fylkestinget. Ho er faktisk den einaste kandidaten som er nominert tilnærma sikker plass frå Indre Nordmør i årets fylkestingval. Dei andre som deltok i valkampstarten i Todalen var Jon Bruset, Odd Arild Sande.

Kom og få vannflaske!

Frå kl. 16 og utover i dag vil valkampgjengen være på plass ved postkassen til StikkUT for Svinvikrunden oppå Kammen. Dei 12 første som kjem hit vil få kvar si vassflaske. Lilly Gunn poengterer at flaskene er til gjenbruk og kan f. eks refylles i Nauståfossen og da med Europas reinaste vatn! Her er det berre å ta utfordringa! 

Publisert: 10. august 2019, 14:56