![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2017/05/DSC_1906-624x416.jpg)
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2017/05/DSC_1906-624x416.jpg)
Måndag kveld hadde J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første seriekamp på Bordholmen i år, og det var Surnadal 1 som var på besøk. Til tross for at det berre var nokre få varmegrader var det stor fotballglede og godt humør i gjengen som entra grasmatta på Bordholmen.
Les heile sakaEtter veker med finver og gode temperaturar vart det på nytt vinter. Men kløverturgjengen tok ut på tur likevel og fekk ein fin runde innover skogsvegen frå Sanitetshuset.
Les heile sakaStille og vakkert med Merete Husby som fotograf, stakk av med koppen og æra for det beste bilete i april. Vi gratulerer, og lovar å levera premie snarast.
Les heile sakaPå grunn av snø/føretilhøva på kyrkjegarden er dugnaden som er tillyst i kveld utsett til torsdag 9. mai kl 17.30, melder soknerådet. Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad, så får vi gje kyrkjegarden eit eit løft før sommaren tek tak.
I helga har det vore avslutning av randonéesesongen, med arrangement i Tromsø. I samband med reisa nordover var det sjølvsagt knytt stor spenning til om flystreiken skulle øydelegge sesongavslutninga. Det gjekk bra, og arrangement vart det og Erik Kårvatn representerte Todalen i Tromsø Skimo Skittentind.
Les heile sakaStrandryddegjengen i Nordvik grendalag trossa vêr, vind og snøbyger og gjorde jobben laurdag føremiddag. Det er heilt utruleg kor mykje plast dei fann berre på strandlina forbi Nordvik, konstaterte strandryddarane.
Les heile sakaSanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 6. mai. Denne gongen startar turen frå Sanitetshuset kl. 11.00. Det blir tur innover skogsevgen eller oppover til Løfta.
Les heile sakaMåndag klokka 18 har J11 Kvass/Ulvungen/Søya/Todalen sin første heimekamp på Bordholmen. Dei møter da Surnadal 1, og dei håpar på litt publikum rundt banen. Kiosken blir åpen med både kaffe, bakels og graut.
I dag 4. mai er det nasjonal strandryddedag. Grendalaget oppfordrer de som har lyst til å delta på strandryddedagen til å møte opp og bli med. Oppmøte i Røe-stranda kl 11 for utdeling av roder og sekker. Kaffeservering fra kl 13, melder grendelaget.
Kvitveis, drømmepåske og «møkkjalokt» . April var nydeleg, noko som også gjenspeilar seg i kandidatane for april.
Les heile sakaMåndag 6. mai kl. 17.30 blir det dugnad på kyrkjegarden. Det blir rydding, raking og oppretting av gravstøtter, fortel soknerådet som står som arrangør av dugnaden. Ta med høveleg reiskap – soknerådet sørgjer for dugnadskaffe. Under dugnaden vil sokneråde orientere om aktuell omdisponering av bårehuset til reiskapshus.
Les heile saka