Folkemusikaren Torgeir Leivdal og fotokunstnaren Reidar Østvik gjestar Bøfjorden Sjøbruksmuseum søndag. Levande musikk og vakre bilete står på programmet.
Reidar Østvik bur i Todalen. Han arbeider med teknikkar som gir vanlege foto nye kunstnarlege dimensjonar og viser eksempel på dette. Østvik gjesta Bøfjorden også i 2011.
Les heile saka
Variabel, kan vi vell seia at juli var. Når vi starta med nysnø i fjella, og avslutta med hetebølge. Mykje fine bileter har kome inn til oss. og vi har plukka ut nye kandidatar til månades bilete kåring.
Les heile saka
Det er fortsatt rå å få tak i billettar til laurdagens jubileumsfest i Todalen Ungdomshus. Marit Tørset og Edvard Nordvik på Matkroken har så langt solgt i underkant av 40 billettar siste veka, og har heilt klart fleire igjen. Mange ventar kanskje i lengste laget før dei kjøper, og satsar kanskje på salg ved døra trur dei to, noko som gjer det litt utfordrande for dei som planlegg matserveringa.
Les heile saka
I morgon torsdag 8. august inviteres det til spansk tapasaften på Pakkhuset kl 19. I år som tidlegare er det dei spanske kokkene fra Holmatrøa som står for serveringa.
Påmelding direkte til Siri Lund eller ved ein sms på telefon 47613150.
Les heile saka
I 2013 reiste Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth til Roma for å følgje i Kalla Skrøvseth’s fotspor. Kalla reiste til Roma i 1952 for å studere mosaikk-kunst, noko som ho seinare arbeidde mykje med, og det betydde mykje for ho som kunstnar i alle år.
Les heile saka
Vi minner om turen som Stangvik Historielag arrangerer førskomande laurdag, den 10. august. Alternativ for start på turen kan vera ved Skjersåa innafor Rønnan, ved bommen for skogsbilvegen som går utover Stangvikliene, eller ein kan kjøre utover denne vegen (bomavgift kr 50,-) til ein ser skiltet STORSETRA på høgre side av vegen.
Les heile saka
Karane i Todalen Bodybyggjarlag starta i kveld opp att med fellestrimmen sin etter endt ferie og kvardag for dei fleste. Kveldens tur gjekk til Øygarden på Nordvik i fin kveldssol, og vart avslutta med litt sosialt samvær og påfylling av kaloriar på Matkroken etterpå.
Les heile saka
Verken Emil eller Fredrik ville ta på seg at dei var Tobias i tårnet, men dei to var stolte av tårnet dei har bygd med litt god snekkarhjelp. No er tårnet omtrent ferdig og dermed er sommarjobben unnagjort og gutane er snart klare for skulestart.
Det har i lengre tid vore kapasitetsproblem for kloakksystemet for Kvennsetøran bustadfelt. I vår og sommar har kommunen sett i gang med oppgradering av anlegget, og har nok kosta på rundt 1,2 mill. når dei no kan slå strek for prosjektet etter kvart, fortel driftsleiar for vatn og avløp i kommunens tekniske avdeling.
Les heile saka
Skal du kjøre frå Todalen til Gjevilvasshytta har du to muligheter – enten å køyre om Sunndalsøra og Gråura eller så må du ta turen om Storås og Nerskogen. Via Sunndalsøra er det ca. 115 km, pluss ferge over Kvennafjorden, medan det er ca. 145 km vi Storås og Nerskogen.
Les heile saka
Søndag fikk desse tre ein skikkeleg prøvetur på løypa for Kårvatn SkyRun som blir arrangert for første gong den 24. august. Det har lenge vore planlagt å kjøre ein test på løypa, men vi måtte vente til no på grunn av varmebølga dei siste par vekene, seier Gudmund Kårvatn, som er primus motor for arrangementet Kårvatn SkyRun. Arrangementet er eit samarbeid mellom Kårvatn Fjellutstyr og Todalen Idrettslag, fortel Kårvatn.
Les heile saka
Dagens luftetur vart en fottur til Nauståfossen. På turen trefte vi på denne familieidyllen på vegkanten, der det var tid for en liten matbit. Mor Angus sørga for at junior fikk ein liten mjølkeskvett å kose seg med, og dette var nok ferskvare i ordets rette forstand.
Les heile saka