Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Populært med kampsport

Jon Olav Ørsal Måndag 13. januar 2020

Opplæring i kampsport var ei kjærkoma avveksling for borna i gymsalen i kveld. Det var Anders Braaten Raaen som var instruktør, og denne kvelden vart det køyrt eit opplegg som var tilpassa alle alderstrinn. Dette var tydeleg vis noko som var populært og det det var mesta fulltallig deltaking på kveldens arrangement. 

Og jammen såg det ut som borna kosa seg og det var full action ein stiv time med grunnopplæring. Dette blir det nok meir av, sa Ola Heggset Dalsegg i ski- og friidrettsgruppa. I kveld vart det køyrt eit opplegg som erstatning for balleik, som også er eit alternativ for barn i løypa så lenge det ikke er snø i lysløypa. – Kva slags aktivitetar det blir i tida framover er det faktisk vêret og føret som bestemmer, seier Dalsegg i ski- og friidretssgruppa. 

Bilder frå kvelden kampsporttrening i gymsalen – instruktør var Anders Braaten Raaen.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 13. januar 2020, 19:09