I vinterferien blir det open svømmehall, melder Surnadal kommune på sine facebook-sider. Det vil seie at svømmehallen er open 18. – 20. februar – tysdag, onsdag og torsdag som vist nedafor:
Les heile saka
Gastromat – elska og sakna, men er no på plass igjen!
No er krydderblanding Gastromat på plass i butikkane igjen. Det vart ramaskrik i fjor vinter da spesialmaskina som lagar den populære krydderblandinga havarerte. Det viste seg at det tok mesta eit år å få laga ei ny maskin, og i mellomtida har hylleplassen stått tom for Gastromat i butikkane.
Les heile saka
Bur seg på skogdag på Eiksentret
Onsdag 19. februar arrangerer Eiksentret skogdag, der dei inviterer skoginteresserte til å kome for å sjå og prøve skogsutstyr til alle slags skogsdrift. Intensjonen er at folk skal få litt fagleg påfyll og ikkje minst at dei skal få høve til å treffe andre «likesinna» som kanskje kan by på både erfaring og kunnskap.
Les heile saka
Reint drikkevatn – kokepåbudet er forlengst oppheva!
Husby og Halle vasslag informerte seint i går kveld om påbud om koking av drikkevatn frå vassanlegget i Lauvåa. Det er langt i frå noko dramatisk som har skjedd, men Svorka energi hadde seint i går kveld havari på ein transformator ved Husby. Dermed var Husbygrenda utan straum og straumbrotet stoppa UV-anlegget brønnhuset.
Les heile saka
Kallar inn til årsmøte i Todalen Idrettslag – UTSETT PÅ UBESTEMT TID
Todalen idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus tysdag 31. mars 2020 kl 19:00 – med vanlege årsmøtesaker på agendaen. Endeleg sakliste med tilhøyrande dokument vil bli offenleggjort ei veke før årsmøtet.
Les heile saka
Inviterer til fellesskapskveld i kyrkjelydshuset på Skei
Kyrkja i Surnadal inviterer til fellesskapskveld i Kyrkjelydshuset, 1. etg., torsdag 20. februar i tidsrommet 19.00 – 20.30.
Les heile saka
Få problemer med Elsa på indre
Det var nok knytt litt spenning til ekstremvêret Elsa i natt og i dag. Etter meldingane skulle stormfloa være på sitt høgste kl 12.32 på tysdag. Det var ho nok også, men i det stille og fine vêret gikk det veldig fint for seg. Vi var ute med kamera, og har knipsa fleire bilder rundt […]
Les heile saka
SkiMo youthcamp Nordmøre – blir du med, eller?
Endeleg er det klart for ungdomscamp igjen! For deg mellom 12 og 23 år som har lyst til å prøve, eller vil utvikle deg vidare innan Randonéesporten. – Vi har vore så heldige å få Vegard Øie frå Randonéelandslaget som instruktør denne helga. Han kjem direkte hit frå verdenscuprenn i Tyskland, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no
Les heile saka
Berre ein liten forsmak på Elsa?
I dag har det vore stor flo, men det er nok berre ein forsmak på stormfloa som kjem i natt og i morgon ettermiddag, skal vi tru yr.no sitt ekstremvarsel som gjeld meir eller mindre heile kysten. I ekstremvarselet blir vi anbefalt å sikre verdiar i flomålet, da vannstanden kan bli opptil ein meter høgare enn normalt her ifølge varselet.
Les heile saka
Kallar til årsmøte i Surnadal Pensjonistlag
Surnadal Pensjonistlag kallar inn til årsmøte på sjukeheimen tysdag 25.2. kl 1500. Vanlege årsmøtesaker. Etter årsmøtet blir det underhaldning, servering og loddsalg. Vel møtt!
Surnadal pensjonistlag er medlem i Todalen.no

Sesongstart i ruskever
Måndag 10. februar var sett som dato for Kløverturoppstart. Yr melde om ekstremver, «Elsa» – med høg flo, regn og vind. Men 6 trimmarar trossa veret og stilte framfor Halsbua kl. 11, og tur vart det!
Les heile saka
Stangvikfjorden 6 januar 2020 vant månadens bilete.
Soleklar førsteplass til fint bilete frå Stangvik. Gratulerer til Ellinor Moen, vi lovar å få levert deg premie. Tusen takk til alle bidragsytarar til dagens bilete. Nedanfor finn du alle kandidatar med fotograf.
Les heile saka