Sjølv om det nok var litt kald vind og snøfokk i høgda var det mange som nytta den flotte dagen til å ta seg ein skitur. Det var mange bilar både på Kårvatn og på parkeringsplassen ved Innerdalsmerket. Med tanke på vind og snøfokk, så er det nok dørstokkmila som er verst, for i dag finnes det stort utval i gode klær for den som vil ut. Sjølv med vind og snøfokk i lufta var nok Dalalia og Tydalsnebba målet for mange som ville prøve pudderføret etter det siste snøfallet.
Les heile saka
Det er køyrt opp skuterspor til fjells både i Øyalia opp tmot Skihytta og frå Innerdalsmerket opp til Tristeinan. Det er godt føre, men det er meldt litt sør austleg vind dei neste par dagane. Ein må pårekne litt snøfokk i høgda, seier Gunnar Nordvik i TILs ski- og friidrettsgruppe.
Les heile saka
Takstmann Øyås AS og Landbrukstakstmann Sivert Mauset har i dag inngått et formelt samarbeid. Fra før har Takstmann Øyås 4 takstmenn som operere i hele Midt-Norge. Takstmann Øyås AS er sertifisert for taksering av næringseiendommer, boliger, skadetakser og naturskader. Med et samarbeid med Sivert Mauset blir vi sammen en komplett leverandør av taksttjenester.
Les heile saka
Mange gode og trivelege, men også vemodige minne vart viste under filmkvelden til historielaget torsdag kveld. Svein Åge Saksen hadde sett saman varierte og interessante filmklipp som fenga publikum, dette er viktig historisk dokumentasjon.
Les heile saka
Kunstnarane Brit Dyrnes og Beate Gjersvold rigga i dag ferdig utstillinga «Relasjoner #2» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Ikkje riktig alt var på plass da vi tok turen innom, men med ein sniktitt i kulissene kunne vi konstatere at dette blir ei utstilling det er verd å ta turen for å sjå når dei åpner dørene på laurdag.
Les heile saka
Melding frå Surnadal Heimbygdlag: Nyutgjevinga av Hyldbakk-boka «Ei haustferd på Nordmøre 1934» har vore det største prosjektet til Surnadal Heimbygdlag i 2019. Å gi ut boka på nytt, innebar nyinnskriving, biletredigering, trykking og nær kontakt med Nordmøre Museum og med kommunen. Og i etterkant har styret deltatt på heile 10 arrangement rundt om på Nordmøre […]
Les heile saka
Todalen historielag inviterer til filmkveld i Ungdomshuset torsdag 27. februar kl. 19.30. Svein Åge Saksen viser fleire interessante filmklipp frå arkivet, her blir det gjensyn med mange kjenningar!
Les heile saka
Sporkjøyrar på Tjønnmyra Ola Dalsegg melder om vindunderlege forhold i lysløypa. Han kjøyrde opp nye spor i går kveld og kan fortelje at de vil bli vedlikehelt også framover så lenge vêret held seg. Også løypemannskapet på Vang kan fortelje om fine skiforhold i deira løypenett.
Les heile saka
Nordvik Grendalag aksjonerer no for å få busslomme i tilknyting til Sollifeltet på Nordvik. Det er i dag eit 10-tals barn som går på skulebussen frå Sollifeltet, og om få år er talet oppe i 15-20. I dag er det vegkrysset opp til Sollifeltet som er bruka til «busslomme», og det er både farleg og uoversiktleg.
Les heile saka
Humortrioen har underheldt over 100 000 publikummarar med dei fire første showa sine: Nye tusen kan no plussast på når dei kjem med sitt nye show «Lenge leve», av dei også nokre hundre når dei gjestar Surnadal kulturhus tysdag 3. mars.
Les heile saka
Måndag kveld, 24. februar hadde historielaget sitt årsmøte i klubbhuset til i.l Søya ved Søyabanen. Vi var litt spente på oppmøtet – snøen hadde lava ned til langt utpå dagen – men gav seg heldigvis til kvelds.
Les heile saka
Kunsthandverker Brit Dyrnes og billedkunstner Beate Gjersvold åpner lørdag 29. februar kl 13.00 sin utstilling Relasjoner #2 i Surnadal Kulturhus.
Les heile saka