Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Starta ferien som pensjonist – etter 47 år på Talgø

Jon Olav Ørsal Fredag 10. juli 2020

Det går ikkje an å seie anna enn at det er stabil arbeidskraft når ein har jobba 47 år i same bedrift.  Knut Halset starta på Talgø den 26. mars 1973 – i dag hadde han sin siste arbeidsdag ved Talgø, og det vart feira med pizza og brus, saman med gode kollegaer.

Knut starta sin karriere i målarverkstaden på Talgø – jobben var handsliping av møbeldeler og han fekk opplæring av dei to kollegaene Olav Stengel og Torbjørn Husby.  – Vi var rundt 50 tilsette den gongen, og Knut var nok yngstemann. Allereie året etter vart det militærteneste for Knut, og da han kom att gjekk han direkte inn i 2-skift turnus på pussemaskina. Sia har pussing vore hans spesiale, men han har tidvis vore innom dei fleste maskiner og avdelingar i bedrifta.

Når vi spør Knut om kva som har forandrast mest i løpet av alle disse åra, så treng ikkje Knut å tenkje seg om lenge før han svarer.  Det er sjølvsagt dataalderen med CNC-styrte fresar og andre maskiner som har endra kvardagen mest.  Etter at det vart slutt på møbelproduksjon har Knut hatt sitt virke på Elementfabrikken – i teneste for Talgø MøreTre.

Gode kolleger som var på jobb i dag og var med på feiringa av Knut. I elementfabrikken er det i dag rundt 30 tilsette i talet – to-tre nye startar etter ferien. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi spør Knut kva han skal finne på no som han blir heiltids pensjonist.  Knut fortel at han gler seg til å bli pensjonist, og at han har mykje å halde på med – alt no i helga skal han til Idrettslaget skihytte på dugnadsarbeid. Den eine veggen skal få ny kledning i MøreRoyal.  Da blir det nok kanskje litt feiring også, gliser Knut.

Sjølvsagt var det både helsingar og overrekking av gåver. Først ute var konsernsjef Terje Talgø som helsa på vegne av Talgøfamilien med både gåve og blomster til den nybakte pensjonisten. Dan Roger Pedersen som er leiar i klubben helsa og takka på vegne av alle kollegaer. Sjølvsagt vart det og plass til gode historier, spesielt frå livlege matpausar i gamle dagar.  Det var nok meir futt i matpausane den gongen, humra den nybaka pensjonisten i sin takketale.  Vi i Todalen.no stiller oss i rekkja av gratulantar!

Jon Olav Roaldset og Erling Talgø sørga for pizza til heile gjengen. Foto: Jon Olav Ørsal

Jon Olav Roaldset kan kunsten og har teknikken inne! Foto: Jon Olav Ørsal

Erling talgø orienterte om «rikets tilstad» ved overgangen til fellesferie ved Talgø MøreTres elementfabrikk. Han kunne glede de tilsette med at bedriften holder alle budsjett og har ein god ordrereserve med fullagte ordrebøker ut september og har ei fin utvikling både på element, hagestuer og levegger som produseres ved bedriften. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juli 2020, 13:05