Etter helga byrjar småskulen på att igjen. Her er det no nye restriksjoner og undervisninga blir lagt enda meir utandørs. I den anledning treng to av dei tilsette som ikke bur i Todalen hjelp til å låne, eventuelt kjøpe to syklar som dei kan ha ståande på skulen.
Les heile saka
Ingun laga ny logo for kulturskolen
SRKS eller Surnadal og Rindal kulturskole, ble etablert som et vertskommunesamarbeid mellom Surnadal og Rindal fra 01. januar 2020 – Da var tida inne til å skifte ut den gamle logoen som bestod av kommunevåpna til de samarbeidende kommunene i Kulturskolen på Indre Nordmøre, skriver rektor Torbjørn Larsen i en pressemelding
Les heile saka
Fjord1: normal ruteproduksjon frå måndag
Det går seg til med normalisering rundt omkring i samfunnet. I ein e-post melder Fjord1 at det for rute 46, Kvanne – Rykkjem, blir iverksatt normal ruteproduksjon frå måndag 27. april.
– Vi har også fanga opp at det no er lov å gå ut av bilane under overfarta.

«Et merkelig år, men Stikk UT!-består»
Fredag 1.mai startar årets Stikk UT!- sesong. Her i Todalen er det framleis tre Stikk UT!-turmål; nemleg Tjønnmyran, Svinvikrunden og Bjøråskaret. Svinvikrunden er eit populært turmål og eit av dei turmåla som har vore lengst med i Stikk UT!-programmet. Målet med Stikk Ut! er å inspirere til fine turar og friuftsliv, mosjon og frisk luft. I år blir det ikkje bøker i turkassane, all registrering skjer på nett på grunn av smittesituasjonen. Friluftsrådet ønsker å fokusere på nærturar og oppfordrar til å ta turar i nærmiljøet!
Les heile saka
Restriksjonar vedrørande bruk av hageredskap og vatn
Todalen sokneråd melder i ein e-post om restriksjonar vedrørande bruk av hageredskap og vatn i samband med planting ved gravene på kyrkjegarden.
No når denne koronapandemien står på så blir det ikkje sett vatn på slangen på baksida av kyrkja.

Nytt: Våronn med slangespredning av husdyrgjødsel
Slangesprening av husdyrgjødsel er kanskje ikkje heilt nytt, men det er iallfall ikkje vanleg enno. I dag var det rigging for utkjøring av husdyrgjødsel i Utigarden hos Olaug kvendset og Asgeir Longva, med slangar rundt heile eigedomen. Dei skal ut med 7-800 m3, og da kan du tenke deg kor mange lass det blir dersom ein kan kjøre 8-10 m3 pr lass. Med distribusjon gjennom slangar så vil ein oppnå ein kapasitet på rundt 200 m3 pr time.
Les heile saka
1. til 4. skuletrinn starter på over helga.
Over helga er det klart for forsiktig skulestart og SFO for 1. – 4. årstrinn. På en pressekonferanse på nettet vart den lokale pressa orientert om opplegget for skulestarten, og kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik orienterte om opplegget. – Dette skal bli så bra som mulig, og vi samarbeidet godt med foreldre og elevar om opplegget og alle skulane i kommunen opnar igjen over helga.
Les heile saka
Storvarp på Nordvikfjorden?
Det var snurparen Vestbris som gjorde eit tappert forsøk på få tak i ein stim med makrell på Nordvikfjorden i dag. Den gjorde fleire forsøk, men nota var tom og resultatet negativt. Vi får berre seie betre lukke neste gong.
Les heile saka
Nyttar finvêret til trailersal av hagemøbler
Finvêrsmeldingar over fleire dagar har inspirert Hageland og Byggmakker til trailersalg av hagemøbler og utstyr utafor butikken på Syltøran. Her kan du gjera godkjøp på litt av kvart, dersom du tek turen!
Les heile saka
God å vere i gang igjen!
Fem av sju barnehageungar kunne i dag nyte våren og kvarandre sitt selskap i lag med dei tilsette ved Todalen barnehage. -Det er verkeleg godt å komme i gang igjen, konstaterer styrar Jorunn Nordvik og kollega Anita Brøske Nordvik. Det har vore ei rar tid, men no er vi klare for ein tilnærma normal kvardag igjen kunne dei fortelje.
Les heile saka
Full sesong – rekordveke på Talgø MøreTre
Denne veka ligg det an til rekord på Talgø MøreTres anlegg på Syltøran. Royalanlegget har gått for fullt i vinter for å kunne ha nok varer utover våren, som er den travlaste tida for royalprodukta frå Talgø MøreTre. Måndag var det toppdag på ekspedisjonen, og driftsplana stod lasting av 35 semitraller og vogntog i løpet av dagen – det stod nærast vogntog i kø for å få last på lasteplassen på Syltøran i dag.
Les heile saka
20.04.2020: Statusrapport frå kriseleiinga
Det er ikkje påvist nye smittetilfelle I Surnadal. I morgon startar barnehagane opp og i neste veke er det elevar frå 1-4. trinn sin tur. Denne veka blir det lagt ned mykje planleggingsarbeid for å møte krava til smittevern i den kommande nasjonale veiledaren for skulane. Mange av smittevern-tiltaka vil naturleg nok vere som for […]
Les heile saka