Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Held ope som vanleg i påska

Jon Olav Ørsal Sundag 5. april 2020

Vi står på og held ope som vanleg i påska, seier handelsmann Nordvik til Todalen.no.  Det vil seie at det er vanleg opningstid måndag – onsdag før påskehelga og kioskope skjærtorsdag og 2. påskedag og stengt langfredag og 1. påskedag. Påskeaftan er butikken open frå 9-15.  Bla om så finn du oversikten for heile påska….

Les heile saka

Media si rolle i krisetid – meir aktuell enn nokon gong

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. april 2020

Det starta med ein e-post og eit innskanna avisutkløpp frå avisa Norsk Tidend nr 2/2020.  – Og dette var jammen god lesnad – det var nemleg nyvalt leiar i Kringkastingsringen, Inger Johanne Ruset, som hadde skrive om medias rolle i krisetid. Det må være topp aktuelt stoff no, når alle kriseteam i kommunane skal ut med info til sine bebuarar og bruker lokale media til å nå ut.  Problemet er berre at de fleste lokale media har permittert deler av mannskapet på grunn av reduserte annonseinntekter og dermed dårleg økonomi. Dei går på sparebluss! Spesielt interessant lesnad vart denne artikkelen på grunn av at den omtalar krisa i Todalen i 2013 – krisa da raset tok vegen og kraftlina inn til Todalen – og bygda vart isolert.  Da vart det gjort ei viktig erfaring.

Les heile saka

Ei påskehelsing utan krim

Guro Redalen Laurdag 4. april 2020

Her om dagen minte facebook meg på påska i 2018. Ei påske som ifølge min eigen skrytepost med bildedokumentasjon inneheld «Bakels og boinning. Kaffe på Kloppa og dei gamle fjell i syningom.» Og påska 2020 skulle nok òg å ha inneheld desse personlege favorittane, men slik blir det ikkje.

Les heile saka

Stem på månadens bilete

Mari B. Redalen Laurdag 4. april 2020

Det er ikkje mukju som minnar ein om våren når ein ser ut glaset no ikveld. Men kalenderen viser April, og vi har laga månadens bilete kåring. Vi treng hjelpa di til å kåra vinnaren.

Les heile saka

Ei gladnyheit til påske

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2020

Dagens gladnyheit er at vi har sikra oss sal av 3 av 4 leiligheter i planlagt leilighetsbygg på Terråk i Bindal kommune, seier konsernsjef Terje Talgø.  – Finansiering er vidare sikra gjennom Surnadal Sparebank, og dermed er ein lang jobb med prosjektering og sal krona med hell – og snart startar arbeidet!

Les heile saka

SuSu med spørreundersøkelse – Tiltak i koronatider

Lagt ut av Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2020

I regi av SuSu-programmet har det denne uka (uke 14) vært gjennomført en spørreundersøkelse blant gründere, bedrifter og virksomheter i Sunndal og Surnadal, med mål om framskaffe et kunnskapsgrunnlag for å kunne bidra med tiltak i en krevende tid for lokalt næringsliv. Undersøkelsen viser at det er en krevende situasjon for mange bedrifter. Per 3.april var 653 personer permittert fra bedrifter i Sunndal og Surnadal. Kun et fåtall av bedriftene har imidlertid gjennomført oppsigelser så langt. Situasjonen er særlig krevende innen reiseliv og handel. Tallene for bedriftene i SuSu-kommunene er noe lavere enn gjennomsnittet på landsbasis.

Les heile saka

Ny faktura for personlege medlemmer på veg

Elinor Bolme Fredag 3. april 2020

No er fakturaene for personleg medlemskap her på todalen.no pakka og klare for utsending. Også i år i papirversjon, noko som er litt gamaldags i desse digitale tider. Vi ønsker derfor å tilby å sende ut DIN faktura digitalt, om du sender oss di epostadresse på red@todalen.no eller via vårt kontaktskjema

Les heile saka

Rute 46 – Ferja innstilt på grunn av dårleg vêr

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2020

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet blir innstilt resten av kvelden grunna dårleg vêr. Planlegg for vanleg drift i morgon 03.04., skriv Fjord1 i ei melding no i kveld. 



Tekniske problem på rute 46: Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2020

Fjord1 meldte kl 12.27  at sambandet blir innstilt inntil videre på grunn av tekniske problemer. – Melder nå om normal drift fra avgang 13:00 fra Kvanne.


Påvist korona-smitte i Surnadal kommune

Elinor Bolme Onsdag 1. april 2020

01.04.2020: Statusrapport frå kriseleiinga i Surnadal kommune Det er no påvist korona-smitte i Surnadal kommune. -Vi har fått påvist begrensa smittetilfelle i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan.

Les heile saka

Nok snø og regn – no treng vi betre vårvêr

Jon Olav Ørsal Tysdag 31. mars 2020

Det er travle dagar på Hageland i Surnadal.  Hagemøblane er forlengst på plass i butikken, og no gjer busker og planter sitt inntog i butikken.  Det meste må være på plass når vårsesongen startar den 2. april, sjølv om snøbygane går rundt novene på butikken på Syltøran.

Les heile saka