Det er travle tider på Todalshytta den siste tida før hytta skal opne for sesongen. Det er Arve Evensen som saman med sonen Stian skal drive Todalshytta dei neste 5 åra. Stian er oppteken med å få unna dei siste eksamenane, medan faren Arve er altmulegmann og jobbar frå tidleg morgon til sine kveld med å få ting på plass til opninga som skal gå føre seg i pinsa.
Les heile saka
Torsdag 28. mai er det ny stavgangtur, og denne gangen går turen til Åsskard. Parkering ved grustak nedenfor kirka. Vi starter kl 1100 og vandrer langs fjorden og nyter lukt av sjø – ta gjerne med en nabo på turen, og husk å ta med stol. Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag ønsker vel møtt!
Les heile saka
Etter ein grå start på dagen siste måndagen i mai klårna det opp, og det vart ein fin turdag langs Toåa.
Les heile saka
Idag har vi kome til Indre Setrene i Romådalen i den populære serien fra Ingri og Ragnhild, scannerpatruljen i Todalen Historielag. Heldigvis har vi fleire leigmål i vente utover forsommaren
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur i Toåa tursti måndag 25. mai. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Eit av teikna på at vi er på veg mot eit opnare samfunn er dagens gudsteneste kl 11. Det er den første gudstenesta etter «koronakrisa» og vil nok være litt prega av aktuelle reglar for smittevern. Det er sokneprest Kristin Strand som er liturg, og organist er Bjørn Vevang. Takkoffer til trusopplæringa i menigheita. Velkomen til gudsteneste!
Torsdag var det endeleg klart for trening igjen for J/G 8-10 på Bordholmen. Som følge av Korona og seinare veret, har det ikkje vore treningar for denne aldersgruppa sidan starten av mars, då treningane føregjekk inne i gymsalen på skulen. Det var ein ivrig gjeng som møtte opp.
Les heile saka
Torsdag var det dugnadsgjengen for Todalen tursti i aksjon for å montere gapahuken som tilhøyrer prosjektet, ved Båthølen der også fiskerampen for bevegelseshemma er under bygging. Arbeidet startet i morgontimane i dag, og før «solnedgang» var takpappen komenpå – og dermed tett tak.
Les heile saka
Onsdag kveld arrangerte Nordvik Grendalag vårdugnad på lekeplassen i Sollia, ved forsamlingshuset og Øygarden Stadion. Oppmøtet var svært bra, og arbeidet gikk raskt unna på begge plassene.
Les heile saka
Onsdag inviterte SuSu-prosjektet pressen til Svinvik gard for å orientere om spørjeundersøkinga om koronakrisa. Den første vart gjennomført i uke 14 og oppfølgjaren vart gjennomført denne tidlegare denne veka. Kartlegginga skulle denne gongen innhente opplysningar og vise utviklinga over tid og korleis tiltakspakkane til regjeringa virka. Undersøkinga viste at det var stor forskjell mellom de forskjellige næringane, der enkelte opplevde normal aktivitet og andre opplevde liten eller ingen aktivitet. Spesielt utsett er nok reiselivsnæringa – spesielt dei som er avhengige av utanlandske turistar.
Les heile saka
Korona er et ord vi har blitt fortrolig med. Om vi har blitt fortrolig med restriksjonene den har ført med seg, er kanskje heller individuelt , avhenger av så mangt
Stavgangen har i hvert fall blitt utsatt av den grunn. Og samma kunne det være! Regn og snø i bøtter og spann har ikke fristet.
Les heile saka
Toåa tursti er i rute for opning i midten av juni. I dag vart betongarbeidet for fiskerampe og gapahuken gjort unna – dermed er det klart for bygging av gapahuken, og det skjer etter plana i helga. Toåa tursti er eit millionprosjekt, med opparbeidd tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua.
Les heile saka