I helga har Svinviks Arboret hatt besøk av frilansjournalist Bjørnhild Fjeld som skriv om hage for ulike blad, blant annet Pensjonisten og fagbladet Utemiljø. Vi har vorte tipsa om at ho har publisert ei fin lita sak om hennar tur fra Oppdal til Orkdal via Sunndal og Surnadal på bloggen Spirea.no.
Les heile saka
Dugnad ved krigsminnesamlinga på Åsen
Indre Nordmøre Forsvarsforening vil minne om dugnaden dei skal ha på krigsminnesamlinga på Åsen førstkommende fredag og laurdag fra kl. 11.00 til 16.00, begge dagane.
Les heile saka
Vil du bli med og starte ny turgruppe?
Surnadal Pensjonistlag har i 14 år hatt ein aktiv Stavganggruppe, og den går framleis! Men frå fleire hald har det kome tankar om ei ny gruppe, for yngre og spreke eldre pensjonistar. Vi tri underteikna har tenkt litt på dette, og trur det er ganske mange som vil vera med og gå tur saman med andre, men kanskje litt lengre og brattare enn det Stavganggruppa tilbyr. Derfor inviterer vi til gratis prøvetur!
Les heile saka
Stavgangtur til Svinviksrunden

Vi er overveldet over den gode responsen…
Vi er overveldet over den gode responsen og alle positive tilbakemeldinger vi har fått i løpet av dagen. Far og sønn Evensen, Arve og Stian har hatt fullt kjør i hele ettermiddag, og holdt faktisk på å gå tom for mat på tampen av dagen.
Les heile saka
Til Inderdalen på plass igjen
Etter mange arbeidstimar inne i verkstaden sin kunne endeleg Per Reiten konstatere at arbeidet vart velgjort. I dag gjekk nemleg turen til Innerdalsmerket med det nylaga skiltet som skal vise turistane som kjem frå Kårvatn vegen over mot Innerdalen. Skiltet er ein tru kopi av det gamle skiltet, som anslagsvis kan være frå tidleg 1900-tal […]
Les heile saka
Kvennsetdalen fra Todalen historielag
Denne gongen har vi teke fram bilete frå Kvennsetdalen. Om setrene og seterlivet i dalen kan ein lesa i Seterbok for Todalen.
Les heile saka
Todalshytta – Godt å være i gang!
Dei første spisegjestane er alt på plass på Todalshytta! Dette har vi gledd oss til så lange, og no føles det veldig godt å være i gang, seier far og son Evensen som er vertskap på hytta. I dag er det som sagt premiere, og vi kan by på både middag og kaffe utover dagen. Middagsservering er vi alt i gang med og vi halde det gåande til kl 20. Kaffe og bakels vil vi halde det i gang med til vi legger oss, seier Stian som sjef på kjøkkenet.
Les heile saka
Helg og høgtid i Stangvika
Pinsedagen har høgare status i Stangvik enn mange andre stader. Også årets høgtidsdag vart feira her med fellesgudsteneste for alle nabosokna. Korona-kvoten på femti pluss stab var fylt opp da 600 år gammal klokkemalm tona ut over den solblanke fjorden. Denne gong dessverre utan dei tradisjonsrike kyrkjebåtane. Men med to konfirmantar i spissen danna inngangsprosesjonen ein verdig start på kristenkyrkja sin fødselsdag.
Les heile saka
Bra med besøk i Svinviks arboret
Når forholda vart slik som dei vart – med koronatiltak og stengt kiosk – er vi godt nøgd med besøket i arboretet så langt. Det er Maja Frønes som møter oss når vi stikk innom 1. pinsedag. Ho fortel at det har vore bra med folk innom denne dagen også, og no skyt blomstringa fart og da blir det nok enda fleire som tek turen hit.
Les heile saka
Kosa seg med kanelsnurrar i Slettnesset
Det var mange som fann vegen til kafebesøk hos Slettneset steinovnsbakeri søndag ettermiddag. Heldigvis er det god plass i gardstunet på Slettnesset, så det var ingen problem med å halde avstand til kvarandere og likevel oppleve fellesskapet.
Les heile saka
Sesongopnar Todalshytta 1. juni – satsar på kjøkkenet!
Todalshytta ligg litt i forkant i forhold til dei andre KNT-hyttene og opnar alt 2. pinsedag. Etter at hytta har vore stengt ein sesong så er det nytt vertskap på plass. Det er Stian og Arve Evensen som no er vertskap på Todalshytta, men kontrakt for 5 år i første omgang. Det er sonen Stian som er sjefen både for driftsselskapet og for kjøkkenet – faren Arve er dreng og altmulegmann slik han tittelerer seg sjølv.
Les heile saka