Kløverturen tek no sommarferie nokre veker framover. Men det er kjekt å gå tur i lag, og i sommar ligg det ikkje til rette for så lange ferieturar. Derfor vart gjengen i dag einige om at den som har lyst, tid og anledning kan møte på Hals måndagane framover for heilt uformelt å gå tur i lag!
Les heile saka
Da har også Todalen Grendalag fått gjennomført sitt årsmøte etter koronaens inntog, tre månader på etterskudd. Trass eit noko labert oppmøte, kunne likevel styret presentere ei velfylt årsmelding og eit greit resultat for 2019.
Les heile saka
Søya og Todalen skytterlag er god i gang med skyteprøven for storviltjakta. Litt spesielt er det i år at du på grunn av coronasituasjonen så slepp du å ta skyteprøve – dersom du tok prøven i fjor. Men dei som ikkje har skyteprøve frå i fjor, men har planer om storviltjakt i år – da må du ta skyteprøve for å være kvalifisert til jakt. I kveld (måndagg 29. juni) er det skyting mellom 18 og 20.
Les heile saka
Det var hektisk for gjengen frå Sollid Skog som er i full aktivitet med skogsdrift i Lauvålia ovafor Husby. Vi tok ein tur oppi hogstfeltet måndag, og da var det moderat temperatur på knappe 20 varmegrader, men vi lurte på korleis det var å drive med skogsdrift når det var over 30 varmesgrader i skuggen. – Men det var ikkje noko problem, for alle maskinene er utstyrt med klimaanlegg, og da bestemmer du temperaturen sjølv.
Les heile saka
Todalen grendalag minner om årsmøtet i kveld, 29. juni kl. 19:00.
Les heile saka
Husby og Halle vassverk melder om at abonnentane må koke vatnet måndag 29. juni. Dette gjeld for heile måndagen, og skuldast straumbrotet 28. juni og 29. juni.
Les heile saka
Koronatida har vore spesiell for oss alle, fleire ting vart sett på vent, det var lite arrangement rundt i bygda og lite å skriva om som for eksempel på todalen.no. Dei spurde difor skannargruppa om vi ville leggje ut bilete. Vi landa på ein rundtur i marka og fjellet, seterbileta vi allereie hadde i arkivet.
Les heile saka
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 29. juni i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11.00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Laurdag 27. juni var 22 etterkommarar av Johanne og Kristian Halse på todalstur; det var eit «utvida søskenbarntreff». I Todalen var første stopp Halsesamlinga og Gammelskulen. Etterpå skulle dei oppsøke Halsbua i håp om å få eit glimt av «Handelsmann Nordvik», og så sjå seg rundt i bygda og ta ein tur opp til Kårvatn.
Les heile saka
Harald Egil Folden gjekk frå Innerdalsmerket til Bjøråskaret 25.-26. juni og har lagt ut opplevinga på eiga heimeside, noko han gjerne òg vil dele med lesarane av todalen.no. Så klikk her på denne lenka for å lese meir og sjå flotte foto frå turen!
Les heile saka
Grunna naudsynt arbeid på straumnettet blir det ei utkopling av straumen i området Ranes – Stangvik -Todalen søndag 28. juni frå kl. 22.oo til måndag 29. juni kl 06.00.
Les heile saka
Med temperaturen stabilt rundt 30 grader, var det ikkje berre dei som var med på «Ræta opp» som vart godt oppvarma under Todalsdagen 2020. Men det skal meir til for å legge ein dempar for eit så allsidig og velsmurt arrangement som Todalsdagen som i år ikkje hadde fotballcup som ein del av arrangementet på […]
Les heile saka