Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ryddedugnad rundt ungdomshuset

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. august 2020

Onsdag 5.august kl. 18:00 blir det ryddedugnad rundt ungdomshuset. Drift- og anleggsgruppa oppfordrer folk til å komme på dugnad og pynte opp rundt ungdomshuset. Ta med ryddesag, grastrimmar eller anna høveleg reiskap l Sommarfest!  

Les heile saka

Bli med på Sommarfest

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. august 2020

Laurdag 8.august kl. 20:00 inviterer Todalen I.L. alle over 15 år til Sommarfest i ungdomshuset. Arrangøren håper på godt vêr og god stemning.

Les heile saka

Ein godbit til vinters

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. august 2020

På Toåa tursti, ved Oddøyøran, trefte vi tre kvennsetgardingar som var ute i eit spesielt ærend.  Dei var ute for å ta lauv, som dei skulle bruke til saumat i vinter. No er det rette tida for å ta ut kvistar med mykje lauv på, for å tørke dei til vinterfor. Dei var ute etter selje og rognkvistar som egna seg best.

Les heile saka

Todalen I.L. med stort Sommar-lotteri

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2020

For å kompensere litt for inntektstapet for årets Todalsdag arrangerer Økonomi- og markedsgruppa i Todalen I.L. Sommar-lotteri. Lotteriet startar med førehandssal laurdag 1.august på Matkroken Todalen. Lotteriet har trekning måndag 31.august kl. 17:00 og vil bli kunngjort her på todalen.no, samt at vinnarane personleg kontakta.

Les heile saka

Takk for oss, ferien er slutt for i år, men…

Jon Olav Ørsal Fredag 31. juli 2020

Vi trefte familien Halle-Jonassen utafor butikken på Matkroken i Todalen. Etter tre vekers ferieopphald på Todalsøra var familien på veg heimover til Skjetten med fullasta bil og tilhengar. No hadde dei vore inne på Matkroken og sagt takk for seg, og var klare til å sette kursen til Kvanne for å få ein ferjetur som dei minste hadde som delmål. 

Les heile saka

 Sommar turist i eige fylke, – turen gjekk til Sunnmøre

Stig Husby Torsdag 30. juli 2020

Sommaren i år vart kanskje annleis for fleire, men det gode med situasjonen er at vi fikk anledning til å utforske eige land og meir kortreiste opplevingar.
Det har også undertegnede gjort, og ein fin julidag gjekk turen til Godøya og Alnes Fyr på Sunnnmøre. Med fastlandsforbindelse og vakker natur kun 20 minutt utanfor Ålesund var det perfekt for ein dagstur frå Todalen.

Les heile saka

Skulejubileum «Mitt prosjekt 3»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. juli 2020

Denne gongen er det Randi Sogge (fødd Halset frå Furuhaugen) sin handarbeidspose vi skal presentere. Randi laga handarbeidsposen sin i 4.årstrinn (første året i storskulen) i 1953. Læraren i handarbeid ved Todalen skule på den tida var Aslaug Ramsli. Randi kan og fortelje at ho seinare hadde Brit Ørsal (fødd Ansnes) i handarbeid, og då føregjekk undervisninga heime hjå Brit i Utigarden på Ørsal

Les heile saka

Todalshytta: Leit å måtte avvise folk som kjem til oss

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juli 2020

Turistnæringa som på det næraste var nede for teljing i vår, har skote fart i sommar.  På Todalshytta er det ikkje noko unntak, og i helga var det kø nedover bakkane med folk som kom for å få servering.  Mange måtte faktisk snu med uforretta sak, seier Stian og Arve Evensen – far og son, som i år driv Todalshytta. Ola Nordmqann ferierer i eige heimland, ingen tvil om d

Les heile saka


Fredag: I helga er det Stangvikfestival

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. juli 2020

I helga går Stangvikfestivalen av stabelen. Det var lenge tvil om det i det heile var nokon festival i år, men no er det for lengst kome ut program, og billettsalet har gått for fullt sia 6. juli.  Årets festival blir nok ein «minifestival» samanlikna med tidlegare festivalar. Men «koronakrisa» med sine smittevernsreglar gjer at […]

Les heile saka

Komen i gang med 2.-slåtten

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. juli 2020

Ola Kvendset er så smått i gang med 2.-slåtten.  Først ute var ein åker med ei blanding av åkerbønner, haustrug, hundgras og kvitkløver som var nysodd. Her var nok førsteslåtten mest ugras, etter ein heilt spesiell vår med både nysnø, tørka og ein periode med regn, fortel Ola. – Men no kjem åkeren fint og eg reknar med å få litt over ein ball pr dekar, seier han.  På denne åkeren satar han på 1 eller 2 rundar til før det blir vinter.

Les heile saka

Klart for «Sissener Classic Tour» på Surnadal Golfpark kommende søndag

Jon Olav Ørsal Måndag 27. juli 2020

Søndag 2. august er det klart for en av de aller største golfturneringene som noen gang har blitt arrangert på Surnadal Golfpark.  – Surnadal Golfklubb har for første gang fått tildelt en runde i det nasjonale turneringsprogrammet Sissener Classic Tour, som er en turnering i regi av Norsk Seniorgolf – dvs. golfspillere som er 50 år eller eldre.

Les heile saka