Laurdag 8. august inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Hala. Det blir start frå Steinarstuå på Hala kl. 12.00. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie og hendingar.
Les heile saka
Laurdag 8. august inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Hala. Det blir start frå Steinarstuå på Hala kl. 12.00. Lokale guidar vil orientere om gammal og nyare historie og hendingar.
Les heile sakaDå flyttar vi oss til notid, men held oss framleis innafor fagfeltet handarbeid. Denne gongen er det Van Adrian H. Ansnes si pute som han laga i 6.trinn skuleåret 2017/18 og veska han laga i 7.trinn skuleåret 2018/19 vi presenterer. Det var Marit Sæter Lediard som var lærar i handarbeid ved Todalen skule då Van Adrian laga puta og veska. Marit er framleis lærar ved Todalen skule, og ho tok våren 2019 master i Design, kunst og handverk (Skaparglede) og då Van Adrian laga veska si var det ein del av Marit si masteroppgåve.
Les heile sakaOnsdag kveld arrangerte Drift- og anleggsgruppa i Todalen Idrettslag ryddedugnad rundt ungdomshuset, for å pynte opp til Sommarfesta på laurdag. Både busker og små tre måtte gje tapt for ein effektiv dugnadsgjeng. Graset rundt ungdomshuset vart strigla og stelt. Grusplassen ovanfor ungdomshuset vart overgått og grastustar og blomster som hadde vokse opp fjerna. Det var […]
Les heile sakaStyret i Todalen sanitetsforening melder at det blir medlemsmøte i Sanitetshuset tysdag 25. august kl. 18:30. Møtet vil bli arrangert i tråd med smittevernreglane for hygiene og matservering.
Les heile sakaSurnadal Pensjonistlags Fjellgruppe startar opp etter ferien tirsdag 11.8. Vi møtes på parkeringsplassen ved Øye kyrkje kl 1030 og får til samkjøring til Bøkleppen. Derifrå går vi til toppen av Bølia. Ta med mat og drikke. Det blir ein fin dag! Tor Asle, Brage og Kristian er vertskap på turen!
Som det heiter i Tre Små Kinesere sin klassikar «Klasebild» frå 1994. Etter at vi for eit par veker sidan, presenterte Ingri Bruset sitt «Mitt Prosjekt 2», der ho hadde lagt med eit klassebilete frå skuleåret 1965/66, så har vi fått nokre spørsmål om namna på dei som var med på biletet. Biletet vart som tidlegare skrive teke skuleåret 1965/66 og viser 4 og 5.trinn ved Todalen skule dette året.
Les heile sakaKommuneoverlegen har vald å forsterke besøksrestriksjonane ved Surnadal sjukeheim. Dette skjer i ein periode kor mange kjem heim frå ferie, og vil altså gjelde ut august i første omgang. Ferieavviklinga avrundast no så smått for dei fleste, og kvardagen kjem att. Etter ein sommar med reiseaktivitet og selskapelegheiter for mange ser vi no auka smitteførekomst av Covid-19 i Norge. I samråd med kommuneoverlegen forsterkar no sjukeheimen besøksrestriksjonane i august pga. generell auka smittefare framover. Slik kan vi med større sannsynlegheit unngå at smitte kjem til sjukeheimen. Vi har skaset regelverket frå heimesidene til Surnadal kommune, der oppdatering vart lagt ut 4.8.2020.
Les heile sakaFredag kveld inviterer Surnadal JFF både store og små til «Fiskesommer» på Nordvik. Surnadal Jeger og Fiskerforening stiller med båter og noe utstyr når de inviterer barn med foreldre til Nordvik for en kveld med sjøfiske fredag. – Men ta med redningsvester til alle barna! Det kan også være lurt å ta med støvler og godt med klær. Foreningen stiller med noe fiskeutstyr, men vi har ikke nok til alle så ta gjerne med egen fiskestang også, sier leder for fiskeutvalget i SJFF, Linda Humberset. Les mer om sjøfiskekvelden på Driva.no
I samband med Todalen I.L. si sommarfest i Todalen ungdomshus komande laurdag ønskjer idrettslaget, etter å ha vore i kontakt med Kommuneoverlegen, å kome med litt oppdatert informasjon i høve til smittevernstiltak under arrangementet. Alle som deltek på Sommarfesta må ved inngang presentere seg med namn og telefonnummer. Namn og telefonnummer blir ført i gjesteliste som blir arkivert i 2 veker. Dette blir gjort for eventuell smittesporing i etterkant av arrangementet
Les heile sakaNeste uke arrangeres det Bibeluke i Todalen. Misjonærene Borghild og Eddie Bakke kommer og skal holde bibeltimer og møter. Møtene vil bli holdt på Sanitetshuset og er åpne for alle. En gruppe på 12 ungdommer kommer og skal bo på Borholmen, flere av disse vil delta på sang- og musikkmøte lørdag 8. aug. kl. 16.
Les heile sakaFerien går mot slutten og mange skal snart tilbake til jobb, barnehage og skule. Fleire har feriert i utlandet, kor smittetrykket er langt høgare enn i Norge. Dette gjeld og «grøne land».
– Sommaren har gått betre enn forventa, men med aukande lokale smitteutbrot i fleire kommunar ser vi behovet for å forsterke eksisterande smitteverntiltak. Vi må gjere det vi kan for å unngå eit lokalt smitteutbrot i Surnadal, seier kommuneoverlege Bjørn Buan. Han er ekstra bekymra for at ei eventuell smitte skal nå sjukeheimen.
Tysdag førstkomande blir det balldag på Todalshytta igjen, fortel Stian Evensen som er sjefskokk og degleg leiar. Stian har fått grundig opplæring i ballkokarfaget av Åse Øyen, og komande tysdag skal han i ilden, nærast som ein fagprøve. Serveringa startar kl 14, og vil du være med så gjeld det å melde seg på.
Les heile saka