Det var meir utfordrande å delta i «Sommarles» i år, men surnadalingane likar tydeleg nok utfordringar og heldt leseferdigheitene ved like også denne sommaren.
Les heile saka
Det var meir utfordrande å delta i «Sommarles» i år, men surnadalingane likar tydeleg nok utfordringar og heldt leseferdigheitene ved like også denne sommaren.
Les heile sakaFørstkomande laurdag, kl 13.00, vil det bli utstilling i Finstuå. Da vil Surnadal Kunstforening presentere fotografi av todalingen Reidar Østvik.
Les heile sakaI dag måtte det store tuntreet på kyrkjebakkan i Todalen berre gje seg for overmakta. Entreprenøren Mesta frå Surnadal troppa opp med ei stor gravemaskin, og ein lastebil med container for å ta det store tuntreet. Det har stått der lenge – kanskje sia kyrkja vart bygd i 1861 – og var i ferd med å bli veldig stort. Kanskje var det råteskadd i kjerna også, og dermed ein farge for bygningar – både bårehuset og Svorkas transformatorstasjon var i faresona. Men eit av dei store spørsmåla star det att å få svar på – kva slags tre var dette, egemtleg?
Les heile sakaDen siste sommarmånaden er ferdig, og vi skal finne ut hvilken fotograf som blir kåra til vinnar av månadens bilete for august. Sjølv om dagane blir kortare utover hausten, håpar vi fortsatt at dykk sender oss nye bidrag.
Les heile sakaPensjonistlaget melder: Stavgang i Surnadal
Torsdag 10. september går vi til Hjellnessetrene i Todalen. Kjør gjennom Svinviktunnelen og ta av første avkjørsel til venstre. Der skal det stå vakt!
I dag kl. 12 spela Søya/Todalen G12 sin tredje og siste kamp for denne helga på Bryn kunstgress. Motstandar var Bryn G12. Kampen var lenge jamspelt, men heimelaget hadde mest krefter og avgjorde etter kvart kampen til sin fordel. Med tanke på at dette var tredje kampen på 24 timar, så er det nok ikkje så rart at kreftene etter kvart tok slutt for bortelaget. Marius Kvande scora bortelaget sitt mål.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 7. september i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaKlokka 17 i ettermiddag spela Søya/Todalen G12 sin andre kamp for dagen. Kampen vart spela på Bud kunstgress og motstandar var Bud. Med ein kamp allereie i føtene var støtteapparatet spent på korleis dette ville slå ut i denne kampen. Første omgang var jamspelt, så det såg ikkje ut til at kampen tidlegare på dagen påverka spelarane. Men utover i andre omgang fekk laget merke at det tek på å spele to kampar på ein dag. I tillegg fekk laget eit par skadar i andre omgang, noko som ikkje akkurat bidrog positivt på allereie trøtte føter. Heimelaget vart difor for sterke utover i andre omgang og kunne til slutt surfe inn ein trygg heimesiger. Søya/Todalen sine mål vart scora av Marius M. Kvande (2), Sigurd Kvendset (1) og Halvard Nordvik (1).
Les heile sakaNår ny kjøledisk skal inn i lokala på Matkroken er det naturleg å samle dei sterkaste karann i bygda, proklamerte handelsmann Nordvik da arbeidet starta straks før stengetid laurdag. Den gamle kjøledisken for frukt og grønt skal få avløysing og ny, større og meir moderne kjøledisk skal erstatte den gamle.
Les heile sakaSøya/Todalen sitt G12 lag er på tokt i Hustadvika kommune i helga. Dei skal spele heile 3 kampar på 2 dagar med innlagt overnatting på Hustadvika Gjestegård på Farstad. Så her får laget god tid til lagbygging og sosialt samkvem med kvarandre. I løpet av helga skal Søya/Todalen spele mot Ekko/Aureosen laurdag kl. 12, mot Bud laurdag kl. 17 og til slutt mot Bryn på søndag kl. 12.
Les heile sakaTorsdag kveld var det duka for sesongens første fotballkamp på Bordholmen. Heimelaget hadde fått besøk av Surnadal G10 1. Det vart ein jamn, og ikkje minst underhaldande kamp, som bortelaget til slutt vann med knappast moglege margin. Trym S. Kvendset var dommar og hadde full kontroll i ein lettdømt kamp. Mykje folk hadde møtt opp for å sjå på kampen. Ingunn Mikkelsen hadde ein stri tørn i kiosken med steiking og sal av bakels. Ho gjekk tidleg tom for bakels, så ho måtte konstatere at ho nok hadde kunne ha selt ein god del meir om ho hadde hatt meir røre, men ho hadde heldigvis andre varer som og fall i smak.
Les heile saka