No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 7. juni og tysdag 8. juni. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile saka
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 7. juni og tysdag 8. juni. Det er mange ledige timar båe dagane.
Les heile sakaPå ettermiddagen i dag tikka det inn ei skikkeleg gladmelding til alle som er kundar i Gjensidige Heim, Surnadal og Tingvoll. I meldinga heiter det at kundane i Heim, Surnadal og Tingvoll får 15 millionar til fordeling.
Les heile sakaFjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag gjekk i går tur til Mulneset. Det var 25 deltakarar på turen. Deltakarane fekk ein fin tur etter ein tørr og fin sti med god utsikt utover fjorden. Stien frå Haltbakken og utover til Mulneset går gjennom eit frodig område med allsidig vegitasjon og skog med mange treslag. Turrapporten fortel at deltakarane storkosa seg i det fine vêret.
Les heile sakaI kveld var Start 4H ute og testa fiskelykka i Todalsfjorden. Gudmund K. Kvendset, Finn Ranes, Kjetil Sogge, Laila K. Bergli og Shan Allan Halle stilte med båtar, slik at det vart plass til alle 4H-arane. Todalt var det rundt 20 personar i dei fem båtane som drog ut for å freiste fiskelykka.
Les heile sakaDet er Todalen historielag som laurdag 29. mai frå kl 12 og utover inviterer til kulturvandring i Brusetgrenda, frå Bruset og oppover til hengebrua. Kulturvandringa starta på Bruset kl 12, og så går turen innover grenda, med kjente guidar – Ola Bruset, Kristen Bruset og leiar i historielaget John Moe som blir med på turen. På returen går turen nedom Nernesset, der det før i tida var busetting.
Les heile sakaI dag er mesta i gang med tillyst utbetringsarbeid på på asfalten på fylkesvegen på 3 plassar. Arbeidet starta i dag tidleg og vil gå føre seg utover dagen på Todalsøra, ved Pilskaret og på begge sider av Brusetbrua. Til saman er det snakk om 2-300 meter som no får eit nytt lag med asfalt.
Les heile sakaLaksefisket nærmar seg med stormskritt – i Toåa startar fisket den 15. juni og varer til 15. august. I Surna er dei i gang om ei veke – nærare bestemt tysdag 1. juni går startskotet der. Det er nok mange som stundar til at laksefisket skal starte, og «medan du ventar» har Todalshytta lansert ein flott promoteringvideo i samarbeid med utstyrleverandøren Zpey. Opptaka vart gjort i Toåa i fjor sommar og resultatet – ein videosnutt på 3-4 minutt vart sleppt for eit par dagar sia.
Les heile sakaTerje Nordgarden er nå svanger med ein ny singel, IMAFY, som legges ut i disse dager. Terje er godt kjent i Todalen, etter deltakelse på fleire låtskrivarseminar på Todalshytta og for konserter samme sted. Nordgarden jobber med et nytt plateprosjekt og sleipper nå singelen IMAFY, som er med i dette prosjektet. IMAFY er andre singel […]
Les heile sakaTrimgruppa i Todalen Idrettslag lanserer, onsdag 26.mai klokka 18:00, sykkeltrim. Sykkeltrimmen er eit lågterskel-tilbod som passar for alle i alle aldrar og uanhengig av utstyr. Trimgruppa tek sikte på å ha sykkeltrim den siste onsdagen i kvar månad fram mot hausten/vinteren.
Les heile sakaNils Gjeldnes har funne eit par solbriller på ein av benkane i Svinvikrunden. Solbrillene vart funne på ein av benkane når du har kome opp bakkane frå Svinvika, og vegen flatar ut. Solbrillene har svart innfatning med blåe glas.
Les heile sakaGåseparet som har hekka på taket av våningshuset i Nilsstua på Husby stakk av i dag. Vi observerte at det kom nye verdsborgarar tilsyne i går, og skjønte at «den store flyttedagen» nærma seg med stormskritt. Vi observerte iallfall to ungar på taket i går, men mora ruga vidare så det vart nok fleire. Men på morgonen i dag, pinseaften, lurte dei oss og stakk av medan vi sjølve var i dusjen.
Les heile sakaDet store og ærverdige forsamlingshuset i Stangvika, Bondehuset, vart bygd for 100 år sidan. Dette jubileet blir markert 2. pinsedag med variert program i Stangvika.
Les heile saka