

Risiko for alvorleg sjukdom blant gravide som blir smitta med koronavirus er låg, samtidig viser internasjonale studier at gravide har noko auka risiko for alvorleg forløp av koronasjukdom, og at denne risikoen aukar utover i svangerskapet.
Les heile sakaDet er mange sesongar sidan sist Søya stilte med eige seniorlag (utan skråstrek) i fotball. Men i år er det påmeldt eit senior fotballag i 6.divisjon. Tysdag kveld var gjengen samla for å skrive kontrakt og planlegge sesongen. Dei fleste av spelarane på årets Søya-lag er rutinerte karar med, ei allereie, lang karriere attom seg.
Les heile sakaDå nærmar det seg skulestart, og vi på kyrkjekontoret vil gjerne ta imot brukte klede, som vi kan gje vidare til folk som treng det, skriv Kyrkjekontoret på Surnadal i ei pressemelding. Klesplagga må vere reine og heile. Vi tar imot klede til både born og vaksne. Du kan levere dei på kyrkjelydshuset på Skei mellom kl. 10 – 14 måndag til torsdag. Har du spørsmål, ta kontakt med Aud Brynhild på tlf. 90 10 93 22.
Denne veka starta Todalen Idrettslag utsendinga av faktura for medlemsskap for 2021. Dei som er registrert med e-postadresse får fakturaen som PDF-fil vedlagt i e-posten, medan dei som ikkje er registrert med e-post enno, får fakturaen som vanleg papirfaktura i postkassen sin. Kontingenter for 2021 er kr. 150,- per medlem.
Les heile sakaI går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin tur til Svarthammaren oppi Knykja. – Hadde eg visst kor langt det var, ha eg ikkje vorte med!, sa ei av turdeltakarane etter turen i går. Utsagnet kom da turgåarane var komne til bilane att og turen var over, men ho angra ikkje på at ho vart med.
Les heile sakaOnsdag 18.august klokka 17:30 blir det friidrett på Bordholmen stadion. Det er Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag som står som arrangør. Det blir lengde med tilløp, stille lengde, kast med liten ball, 60-meter, 400-meter og bogeskyting.
Les heile sakaDet knyter seg stor spenning til laurdagens arrangement av Kårvatn Skyrun komande laurdag. Kristoffer Nordvik skal forsvare fjoråret triumf, da han gjekk heilt til topps i Kårvatn Skyrun. Da spørst det om kneskaden han pådro seg tidlegare i år tåler ein langtur i fjellet. Erik Kårvatn har også steke plasseringer frå VM i Italia og frå Skyrace – Sans Senja, og må nok finne seg i å ha eit favorittstempel og være med og kjempe om pallplass.
Les heile sakaSøndag 22.august, mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer Slettneset steinovnsbakeri til open kafe og bakeriutsal. Denne gongen kan dei freiste med nystekte kanelsnurrar, pistasjfletter og vaniljeknutar. Det er og mogleg å kjøpe grovbrød og surdeigsbrød, for å ta med heim og kose seg med seinare.
Les heile sakaTil dels store nedbørsmengder sørga for skikkeleg fiskarelv dei siste par dagane – natt til søndag var toppen på vassføringa på 48 m3/sek, men minka for ned igjen på 20-talet på søndag ettermiddag. De to siste dagene vart det faktisk teke 11 laksar – dei to største på 9 og 10,5 kg medan resten var […]
Les heile sakaI ei pressemelding frå Surnadal kommune no i ettermiddag, får vi siste nytt om koronavaksineringa. Neste veke vil mange fleire bli vaksinerte med dose 2 enn tidlegare estimert. 200 kommunar får no to ulike mRNA-vaksiner til disposisjon for å fullvaksinere flest muleg raskast muleg.
Les heile saka