Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for julebordsveke på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. desember 2021

Det lukta godt av julemat da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag.  Stian Evensen som er julebordskokk på hytta var i full gang med mat til kveldens julebord på Todalshytta.  Det vil seie at kveldens gjestar vert servert ribbe med tilbhør –  eller rettare sagt ein juletallerken, med jule pølse, medisterkake, og heimelaga surkål og rødkål og heimelaga ribbesaus.  Høres det ikkje godt ut da?

Godt og varmt skal det bli – i dag har vi fyrt i 3 omna i tillegg til 2 store varmepumper. Det hejlper på, når det er 8-9 kuldegrader ute. Foto: Jon Olav Ørsal

Far og son Evensen vente eit lite 20-tal gjestar i kveld, og det er omtrent det som er «godkjent» etter dagens regelverk i koronapandemien.  Kokken fortel at kveldens arrangement er lagt opp slik at vi ligg godt innafor det regelverket som gjeld i dag – det skal være trygt og godt å arrangere julebord på Todalshytta, og det gjenspeilar både menyen og møbleringa der det er teke hensyn til «meteren».

Neste veke blir det julebordveke på Todalshytta, fortel Arve.  Frå tysdag til og med laurdag vil det bli julebordarrangement – enno er det ledige plassar, så det er berre å ta kontakt for å bestille. – Ta kontakt med oss på telefon (, slik at vi får avtale både tid og meny, seier Arve som er travelt oppteken med å bære inn tørr bjørkved og fyre i 3 omnar.  Men så er det god temperatur og da, til tross for at gradestokken ligg oppunder 10-talet på minussida.  Det er imidlertid godt og varmt på hytta – 3 nye omnar og 2 store varmepumper det helper på slike dagar. 

Peisestua er pynta til jul og møblert med tanke på å halde meteren. Foto Jon Olav Ørsal

Telefon for booking:  929 97 550  e-post: arve@todalshytta.no  Internett:  www.todalshytta.no 
Todalshytta er medlem i Todalen.no

Publisert: 11. desember 2021, 16:20