Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Covid-19: -Påvist smitte hos ein tilsett ved Surnadal legesenter

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. desember 2021

I ei pressemelding frå Surnadal kommune blir vi informert om at det er påvist smitte hos ein tilsett ved Surnadal legesenter,  men gode smittevernrutinar ser ut til å ha forhindra vidare smitte.

Ein tilsett ved Surnadal legesenter har testa positivt for covid-19 etter ei reise utanfor kommunen. 
Tiltak for å beskytte pasientane har vore tilfredsstillande. For sikkerheits skuld er eit fåtal pasientar følgt opp med testing i ettertid. 
Legesenteret held ope med forsterka smittevernrutinar og ytterlegare testing. Det er venta overgang til normal beredskap i løpet av kommande veke. 

Publisert: 11. desember 2021, 10:07