Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Novembersol i skodde på Råslettkammen

Mari B. Redalen Tysdag 14. desember 2021

Vinnaren av månadens bilete for November ble Trine Engdal Storholt med Novembersol i skodde på Råslettkammen. Vi takkar for bidraget og alle andre bidrag som kjem inn til oss.

Les heile saka

Stikk UT! vinter og ski med lokale turmål

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 14. desember 2021

Onsdag 15. desember startar Stikk UT! vinter og Stikk UT! ski. Dette er første året Surnadal kommune har fotturar på vinteren, og eitt av turmåla er Toåa tursti. I Tillegg er lysløypa på Tjønnmyra med i Stikk UT! ski

Les heile saka

Todalen IL tilpassar drifta si til dei nye nasjonale smitteverntiltaka

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. desember 2021

I kveld kom regjeringa med nye og strengare smitteverntiltak. Som ein direkte konsekvens av dei nye smitteverntiltaka, har styret i Todalen Idrettslag, bestemt å stenge Hett & Svett. Dette er gjort i tråd med dei nye smitteverntiltaka. Styret har også bestemt at Volleyball på tysdagar, i gymsalen ved Todalen skule, blir avlyst i den perioden dei nasjonale smitteverntiltaka gjeld. Dette fordi det er vanskeleg å overhalde «ein-metersregelen». 

Les heile saka

Vinterens første «Barn i løypa»

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. desember 2021

Måndag kveld var det klart for vinterens første «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Gradestokken viste så vidt nokre blå grader, og forholda for skigåing var gode i godt preparerte løyper. Det er mange år sidan «Barn i løypa» sosongen har kunne starte så tidleg som dette, så er ein like heldig som i fjor, med resten av sesongen, så blir det mange «Banr i løypa» å sjå fram til, både for små og store. 

Les heile saka

Iskunst som naturen sjølv har laga

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2021

Frå Odd Arild Sande har vi fått ein serie bilde som han har fanga inn på tur innover stranda til Todalen ein av dagane.  Odd Arild er imponert over kor mykje is som naturen har laga den siste tida da det var kaldt – faktisk ikkje langt unna 20-talet med kuldegrader eit par dagar.

Les heile saka

Fjord1 melder: Nattarbeid på Kvanne kai natt til tirsdag

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2021

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Siste avgang 23:35 fra Rykkjem mandag 13. desember og første avgang fra Kvanne 05:15 tirsdag 14. desember vil bli innstilt på grunn av kaiarbeid på Kvanne natt til tirsdag.  Ellers går ferja i ordinær rute.  


Straumen attende i 23-tida søndag kveld

Jon Olav Ørsal Sundag 12. desember 2021

Svorka har hatt eit straumutfall i retning Todalen frå kl 18.33 i søndag kveld. Det vart straks sett i gang søk etter feilen, og temmeleg nøyaktig kl 23 var strumforsyninga som normal igjen etter ca 4,5 timar.  Svorka hadde problem med å finne feilen på linja, men vi reknar med at det var trefall etter som feilen kom med mildvêret. 

Les heile saka

Sesongpremiere i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 12. desember 2021

Endeleg kom dagen som så mange har venta på!  Medan kuldegradane og snøkanonane har laga ein skikkeleg såle i alpinbakken er det nok mange som har venta med lengsel etter å få ski på beina og kome seg ut i bakkan. I dag opna Surnadal Alpinsenter for sesongen.  

Les heile saka

Klart for julebordsveke på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. desember 2021

Det lukta godt av julemat da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag.  Stian Evensen som er julebordskokk på hytta var i full gang med mat til kveldens julebord på Todalshytta.  Det vil seie at kveldens gjestar vert servert ribbe med tilbhør –  eller rettare sagt ein juletallerken, med jule pølse, medisterkake, og heimelaga surkål og rødkål og heimelaga ribbesaus.  Høres det ikkje godt ut da?

Les heile saka

I.L. Søya tildelt gjev pris

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. desember 2021

Idrettslaget Søya er tildelt Nordmøre og Romsdal Fotballkrets sin «Fair play»-pris for 2021. på 10.000 kroner. Søya fekk også denne prisen i 2012, så det er tydeleg at klubben gjer eit godt arbeid. «Fair play»-prisen blir delt ut til ein klubb i kvar av dei 18 fotballkretsane i Norge kvart år. Vi gratulerer Idrettslaget Søya med den gjeve prisen. 

Les heile saka


Vegsikring innover frå Nordvik

Jon Olav Ørsal Fredag 10. desember 2021

Mesta fortsett arbeidet som Mikkelsen Maskin starta på Nordvik.  No foregår sikringsarbeidet frå Øygarden og i retning Todalen.  Etter asfgaltarbeidet for to-tre år sia er det høge asfaltkantar, der det har vore ei rekkje utforkjøringar. No blir dette retta på….

Les heile saka