Laurdag var det mange som nytta høvet til toppturpremiere – vi veit ikkje kor mange som til slutt hamna på Tydalsnebba, men parkeringsplassen på Kårvatn var på det næraste fullparkert heile dagen. Kvar er det vel finare å renne enn i Dalalia med nylagt pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned til Kårvatn.
Les heile saka
Leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme, melder driftsstyre vinteranlegg i idrettslaget har køyrt opp løyper både for ski og fotturar i Toåa tursti. Det er også køyrt opp skiløyper på Kvennset og oppover bygda, og ho melder om skikkeleg fine forhold for å komme seg ut på tur i løpet av helga.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT) no i føremiddag, får vi oversikt over alle fellesturane KNT kan tilby i 2022. Aldri før har turistforeninga hatt så mange fellesturar på programmet, så dette året er det gode moglegheiter for å kunne bli med på tur.
Les heile saka
Vi har no lagt inn Remidt sin tømmekalender for hushaldningsavfall for 1. kvartal i aktivitetskalenderen vår. Vi vil i god tid før 2. kvartal tek til, legge inn tømmekalenderen for 2. kvartal. Når det gjeld sortering av hushaldningsavfall, tømmekalender og andre spørsmål knytt til renovasjon, kan du gå inn på remidt.no.
Les heile saka
Litt «hustre» vart det nok for deltakarane på «Barn i løypa» da Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag arrangerte skileik for både småe og store på Tjønnmyran måndag kveld. Men om kvikksølvet kraup nedover til 8-9 minusgrader så var det ingen som gjorde sure miner av det. Det var berre å spenne på seg skiene og ta seg ein tur ut i sporet, så fekk ein opp både steamen og varmen. Rekordarta deltaking var det også, og på bildet vart alle borna med, minus 2 som kjem på neste bilde.
Les heile saka
Vi har fått eit bilde og info om båt i drift ved Todalsøra. Det er uvisst kven som er eigar, med det bør aksjonerast før det blir mørk – eller båten driv til havs? Det er ein god del vatn i båten, blir vi fortalt.
Les heile saka
Kommende helg inviterer Trollheimen Fjellsportklubb til Randonee-camp for ungdom som liker å gå på ski. – VM i Randonee ble holdt på Kårvatn i fjor, så et mer relevant sted å ha Randonee-camp skal man lete lenge etter, skriver Driva.no i sin omtale av saken
Les heile saka
Tysdag 4. januar mellom klokka 17:30 – 18:30 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den timen «Barn i løypa» foregår. Det blir på grunn av smitteverntiltaka som gjeld, ikkje servert drikke, så dette må kvar enkelt ta med seg sjølv.
Les heile saka
Vi har fått ei lita oppdatering frå trimfronten i Todalen frå leiar i Trimgruppa i Todalen Idrettslag og tidlegare skribent her på Todalen.no, Elinor Bolme. Ho skriv: – I dag fekk vi registrering nr 1000 i trimturappen for Toaå Tursti etter oppstarten 1. oktober. Vi er no i desse dagar snart oppe i 3000 registreingar fordelt på 102 aktive trimarar. Todalingane er med andre ord gode på å halde seg i form!
Les heile saka
Da vi gikk inn i det nye året ved midnatt på nyttårskvelden var det ei skikkeleg markering med fyrverkeri. Vi prøvde å fange inn noen glimt, men var nok litt for lite førebudd på slike opptak. Litt rå luft og litt skytoppar her og der sette iallfall ein ekstra spiss på det flotte fyrverkeriet vi fikk oppleve nokre minutt rundt midnatt.
Les heile saka
Tida er komen for å seie godt nyttår til kvarande. Her på portalen er det 13. gongen vi helsar godt nyttår til lesarane våre , og det gjer vi med friskt mot denne gongen og. Vi har tru på framtida, sjølv om lesartala har ei liten tilbakegang i år, for det har sin heilt klare årsak. Pandemiden som har påvirka livet til oss alle, har snart halde det i gong i to år, og det ser ikkje ut som vi er ferdige med det aller første.
Les heile saka
Laurdag 11. desember vart ein merkedag for Odd Arne Vikavoll, som var på hjortejakt i terrenget opp mot Åsbøsnyta – eller snipen som er det lokale namnet på området. Odd Arne hadde baska seg opp lia i djupsnøen for å plasserte seg på post – heilt oppunder hamrane. Der måtte han vente heilt til jagarane kom – og dei hadde med seg ein velvaksen luring.
Les heile saka