Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik sikra seg NM-sølv under NM-veka

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. mars 2022

Denne veka har Bergen og Voss arrangert NM-veka, der 11 idrettar i løpet av 4 dagar skal gjennomføre 23 norgesmesterskap, der heile 68 NM-vinnarar skal kårast.  NM i Randonee er mellom idrettane som står på programmet, og der sikra Erik Kårvatn sølvmedalje i laurdagens sprintkonkurranse, nokre fattige sekund etter vinnaren Hans Inge Klette frå Voss, som konkurrerte på heimebane. 

Frå starten av finaleheatet – Erik er nr 4 frå venstre (startnr 25). Han sikra egentlig sølvet tidleg i finaleheatet. Foto skjermdump

Erik starta dagen med å vinne eit av dei 4 innleiande heata, og dermed var det stor spenning i fortsettinga i semifinalen, der Erik vart nr 2 i det første semifinaleheatet etter nettopp Hans-Inge Klette. Begge to var dermed sikra direkte plass i finaleheatet i tillegg til Trym Dalset Lødøen, Lars Erik Skjervheim, Bjørn Hugo Herfindal og Thomas Berge Føyn. 

I starten på finaleheatet var Hans-Inge Klette kjapt ute og tok leiinga.  Erik hengte seg på, men klarte ikkje å kome forbi Klette, men klarte gjennom heile heatet å halde andreplassen som han sikra heilt til mål, medan Trym Dalset Lødøen måtte ta til takke med ein 3. plass.  Trym og Erik har konkurrert i heile vinter, og Trym har nok trekt det lengste strået i dei fleste konkurransane, men i dag hadde han ingen sjanse mot Erik, som altså sikra seg sitt første NM-sølv. 

Resultatet frå finaleheatet i dagen Randonee-sprint. Foto skjermdump

Først publisert: 26. mars 2022, 16:39 - Sist oppdatert: 13. april 2022, 07:54