Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Vintersyn -22» på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 19. februar 2022

Surnadal kunstforening ønsker velkommen til utstillinga «Vintersyn -22» på Surnadal kulturhus laurdag 26. februar klokka 13:00. Denne gongen er det kunstnaren Joanna Årdal som er utstillar, og utstillinga vil vere open fram til 13. mars.

Les heile saka

Surnadal kino – seniorane i fokus

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 18. februar 2022

Det løner seg å vere senior heilt til påske! Surnadal kino tilbyr sine honorære kinogjengarar «eit tilbod dei ikkje kan seie nei til» i dei komande vekene. Det blir vist dagkino to gonger i veka fram til påske med eigen honnørrabatt – for dei som fortener slikt. Andre er sjølvsagt også velkomne til å sjå film på dagtid.

Les heile saka

Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. februar 2022

Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte i Nordvik forsamlingshus torsdag 24. februar klokka 20:00. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil det bli sak om eventuell renovering av forsamlingshuset og orientering om arbeidet med småbåthamn. Andre saker ein ønsker behandla på årsmøtet, må sendast på SMS til 918 64 878 (Tonje Kristin) innan fredag 18. februar. 

Les heile saka

«Balleik» med høgt aktivitetsnivå

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. februar 2022

Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har kvar torsdagsveld «balleik» i gymsalen ved Todalen skule. Dei to siste torsdagane har oppmøtet vore litt påverka av koronasituasjonen og det faktum at somme har fått påvist smitte, men aktivitetsnivået og innsatsen til dei som har vore på «balleik», har likevel vore upåklageleg. 

Les heile saka


Fastelavnsris – tradisjon sia 1946 for Saniteten

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. februar 2022

Heilt sia 1946 – i kjølvatnet av 2. verdskrig – har sal av fastelavnris vore ei god inntekskjelde for sanitetskvinnene.  No selges det på landsbasis 135.000 fastelavsris, dog det gjev ein god inntekt til NKS – anslagsvis rundt 10,0 mill. kvart år.  Todalen Sanitetsforening skal i år selje rundt 100 enheter, og salet brukar å gå glatt, fortel damene som onsdag kveld var travelt opptekne med å lage fastelavnsris som er pynta med fjær og ein oblat med NKS.

Les heile saka

Årsmøte i Todalen sanitetsforening

Dordi Jorunn Halle Onsdag 16. februar 2022

Todalen sanitetsforening har vore i kontinuerleg drift sidan 1916, det står det respekt av! Foreininga heldt årsmøte tysdag 15. februar med godt oppmøte og presenterte ei årsmelding som viser stor og god aktivitet for året 2021.

Les heile saka

«Bøy og tøy» i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. februar 2022

Torsdag 17. februar klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». VIKTIG! På grunn av ombygging i Meierisalen blir torsdagens «Bøy og tøy», denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har fått med seg Oda fysioterapeut som instruktør for trimmen.

Les heile saka


Todalen barnehage

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 15. februar 2022

Framtida til Todalen barnehage, som vart midlertidig stengt hausten 2021, har dei siste dagane vore oppe til politisk behandling i fleire kommunale organ. Til slutt var saka oppe til behandling og endeleg vedtak i kommunestyret. som hadde sitt møte 10. februar. Kommunestyret vedtok med 19 mot 8 røyster å opne barnehagen i Todalen att, dersom det vart nok søknadar, tilsvarande 10 plassar, der barn under 3 år tel 2 plassar.

Les heile saka

«Barn i løypa» i morgon

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 14. februar 2022

Tysdag 15. februar, frå klokka 17:30, inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til «Barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa oppfordrar til å ta med ski og å vere med å gå på ski den tida «Barn i løypa» går føre seg. 

Les heile saka

Sesongstart i godver

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. februar 2022

Måndag, godver og kløvertur– fin start på veka! Sola var litt gøymt bak eit tynt skylag, men ho vermde og gav ei aning av vårstemning.

Les heile saka