Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. februar 2022

Nordvik Grendalag kallar inn til årsmøte i Nordvik forsamlingshus torsdag 24. februar klokka 20:00. I tillegg til dei vanlege årsmøtesakene vil det bli sak om eventuell renovering av forsamlingshuset og orientering om arbeidet med småbåthamn. Andre saker ein ønsker behandla på årsmøtet, må sendast på SMS til 918 64 878 (Tonje Kristin) innan fredag 18. februar. 

Sakliste til årsmøtet:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Godkjenning av sakliste
  3. Val av ordstyrar og referent
  4. Årsmelding 2021
  5. Rekneskap 2021
  6. Val 
  7. Innkomne saker:
    1. Renovering av forsamlingshuset
    2. Småbåthamn v/Småbåtforeninga 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 17. februar 2022, 20:31