Laurdag var siste runde med strikkekaffe før jul, og det vart ei lita og intim samling – med og uten strikketøy. Det var ikkje så mange som møtte opp denne gongen, da det var kollisjon med andre arrangement, mellom anna julemesser som det no er aktuell tid for. men triveleg vart det lell, og dei som møtte opp hadde ei triveleg stund i Sanitetshuset.
Les heile saka
Boka blir rekna som ein klassikar for barn og unge, og mange hugsr også filmversjonen. Tysdag 16. november kjem Teatret Vårt med sin versjon av «Den uendelige historien» til Surnadal kulturhus.
Les heile saka
Historielaget er i rute. Det er lenge sia det vart bestemt at det søndag førstkomande den 14. november er det bokslepp for historielagets årsskrift, som i år er nummer 20 i rekkja. Trur at vi tør å være såpass påståeleg at vi kan seie at dette er det beste årsskriftet «ever». – Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør, men det har vore fleire skribentar, og den grafiske produksjon er det Rolf Olav Nordvik som har stått for.
Les heile saka
Todalen Idrettslag har mykje papir og materiell som har vore teke vare på oppgjennom tida. Dette «arkivet» har vore meir eller mindre uorganisert, og det har ikkje vore lagt vekt på systematisk arivering eller sortering. Arkivet har heller ikkje hatt nokon tilgang til fast og varig plassering før no når arkivmaterialet er samla på biblioteket på Surnadal kulturhus. No er det behov for å sortere materialet og finne ut kva som skal takast vare på. Til dette trengs 2-3 personar som kan gå gjennom og sortere det materialet som er teke vare på.
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag inviterer til dekorasjonskurs på Hageland Surnadal måndag 22. november klokka 18:00 – 21:00. Her blir det lagt opp til ein sosial kveld, samstundes som dekoratørane Toril Kvande og Malin Sveen vil vise korleis ein lagar julekransar og andre dekorasjonar.
Les heile saka
Her får du ni veldig flotte kandidater til månadens bilete for oktober.
Stem på det bilete du liker aller best.
Les heile saka
Kommuneoverlegen i Surnadal kommune melder i dag føremiddag at kommunen har fått melding om eit påvist tilfelle av koronaviruset. Smittetilfellet gjeld ein eldre fullvaksinert person. Personen er isolert og smittesporing er sett i gang.
Les heile saka
laurdag inviterer Todalen Sanitetsforening til ny «strikkekaffe» i Sanitetshuset på Kvennset. Strikkekaffen startar kl 13 og varer til kl 16, og er siste strikkekaffen før jul. Da bys det på triveleg samvær og utloddning – og med enkel kaffepause med noko attåt. Ta gjerne med ein liten gevinst. – Og sjølvsaget er alle velkomne – med og utan strikketøy!
I dag lanserte Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal nyheita Sammen på tur i turappen sin. Stikk UT! Sammen er det nyaste i tilbodet til Frilufstrådet Nordmøre og Romsdal, og noko Friluftsrådet har god tru på skal bli nok ein suksess for Stikk UT! konseptet.
Les heile saka
Surnadal Jeger- & fiskeforening minner om innendørs skytetrening i klubbhuset på Angråmyra – det skjer kvar tysdag kl 18:00.
Tysdag var forfattarane Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer i Kaffekroken for å promotere og selje slektsboka si. Dei er dotter og mor som vi tidlegare har skrive om her på Todalen.no og som no altså har skrive bok om slekta si – familen som stammar frå Ørsalgeilen og som no praktisk talt er spredd over heile verda.
Les heile saka
På Talgø er det behov for flere medarbeidere, og i dag lyses det ut 3 stillingar som skal besettes snarest: Konseptutvikler, Digital markedsfører og HR/HMS-& miljøansvarlig. To av stillingene er på Marketingavdelingen, mens den tredje er nyopprettet stilling i morselskapet Talgø Invest – alle med arbeidssted på hovedkontoret i Todalen.
Les heile saka