Kårvatn Fjellutstyr opplever ei positiv utvikling, og treng fleire tilsette. Dei lyser difor ut minimum 50% stilling som medarbeidar ved butikken på Kårvatn. Den daglege drifta er tredelt, med butikkdrift, webshop og sal til andre butikkar (import/distribusjon). Stillinga er i første omgang tidsbegrensa til eitt år, men med gode moglegheiter for fast tilsetting etter dette.
Les heile saka
Onsdag 30. mars kjem Ole Kristian Stokke til ope møte i Surnadal demensforening og helselag. Da vil han fortel om korleis han og kona Guro taklar kvardagen etter at ho fekk demensdiagnosen for 11 år sia. I 2018 fekk dei to demensprisen for Møre og Romsdal på grunn av at dei har vore så opne og fortalt om korleis Guros diagnose har påverka livet deira.
Les heile saka
Det var Norsk kvalitetsmat som fikk Sparebank1 Nordmøres Utviklingspris for 2021. Prisen var delt ut under Næringslivsdagen som i dag vart arrangert i Surnadal. Det er 21. gong at den gjeve prisen vart delt ut, ein pris som er til stor inspirasjon for næringslivet, lag og organisasjonar. – I fjord var det Sanitetskvinnene som var heidra med prisen for sin innsats i samband med coronapandemien
Les heile saka
Det er akkurat no manuell dirigering med ledebil gjennom Svinviktunnelen. Vi har som vanleg ikkje fått informasjon om kva som er grunnen til dette, men det er lurt å legge inn litt ekstra tid, dersom ein skal nå ferge eller timeavtale. Vi har heller ikkje fått informasjon om kor lenge det vil vere manuell dirigering gjennom tunnelen.
Les heile saka
Trudde du kanskje vi hadde glemt månadens bilete kåringa for februar? Å vaddesålekt, her kjem sju fine bileter du kan stemma på denne gongen.
Les heile saka
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for andre kvartal, inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Andre kvartal strekker seg frå 1. april – 30. juni. Tømmekalenderen for tredje kvartal, vil bli lagt inn siste halvdel av juni månad.
Les heile saka
Onsdag 30. mars inviterer kyrkja i Surnadal igjen alle til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Da blir det servert middag og ettermiddagskaffi/te til alle i alle aldrar. Serveringa er i tidsrommet frå klokka 16:00 – 16:45, men dørene opnar klokka 15:30. Det heile blir avslutta med ei kort samling klokka 17:00.
Les heile saka
Tysdag er framleis balldag på Todalshytta – med valfritt om du vil ha potetball eller sildball. Vi tek gjerne mot bestilling seier Kjell Arve Vikavoll, som tek i mot bestilling på sin telefon 975 16 103.
Servering i tidsrommet 15:00 til 18:00
Fredag 25. mars, mellom klokka 12.00 – 17.00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Hyllene vil bli fylt opp med både ferske kaffebrød og grovbakst så her er det «godsaker» både til måltid og kaffekos.
Les heile saka
Torsdag 24. mars klokka 11:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag igjen til «Bøy og tøy». På grunn av at det framleis foregår ombygging i Meierisalen, blir torsdagens «Bøy og tøy», også denne gongen i Trudvang! Surnadal Pensjonistlag har med seg fysioterapeut Lage som instruktør for «Bøy og tøy».
Les heile saka
Næringslivsdagen som Sparebank1 Nordmøre skal arrangere nærmar seg med stormskritt, og onsdag 23. mars er det klart for startskot, fortel Liv Dalsegg som er primus motor og «innpiskar» for arrangementet. Ho fortel at det er bra med påmelding, men framleis nokre ledige plassar. Du kan melde deg på heilt fram til midnatt kvelden før – […]
Les heile saka
Surnadal demensforening og helselag hadde onsdag 16. mars årsmøte i kantina på Surnadal sjukeheim. Det er stor aktivitet i foreninga og laget jobber målbevisst for at Surnadal skal bli et demensvennlig samfunn. På årsmøtet var det ellers vanlige årsmøtesaker. Det nye styret ser slik ut etter årsmøtet: Leder Liv Botten Kasserer Sigri Livik Sekretær Borghild […]
Les heile saka