I år er vi attende til god gammeldags feiring av nasjonaldagen den 17. mai, fortel Borghild Talgø i 17.- maikomiteen. Det vil seier at vi er attende til 2019-programmet og vil i år kjøre «full pakke» gjennom heile dagen. Starten på feiringa blir sjølvsagt biltog – eller «skrommeltog» som vi sa i gamle dagar, og fortsetter med frokostservering i idrettslagets regi
Les heile saka
Etter ein lang godversperiode med sol frå klår vårhimmel kom siste måndagen i april med grått og surt ver, men opphalde og stilt, alstå godt turver.
Les heile saka
Kvar tysdag er det balldag på Todalshytta! Her bys det på både potetball med tilbehør og sildball med stekt bacon, fortel Arve Evensen som er vert på Todalshytta. Det serveres ball frå kl 15:00 og utover til kl 18:00. Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 929 97 550.
Torsdag 28. april klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag til ein ny sesong med stavgang. Det er oppmøte i Brøskehagen i Stangvik klokka 11:00, og det er mogleg å parkere ved fabrikken. Etter stavgangturen blir det kaffe på Svissholmen.
Les heile saka
Surnadal Næringsforening og Surnadal kommune er no i gang med å registrere alle lag, foreiningar og ideelle organisasjonar. Bakgrunnen for dette, er at det skal lagast ei brosjyre, som vil bli publisert digitalt på offentlege nettsider, og ei trykt brosjyre som blir delt ut til tilflyttarar og turistar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 25. april. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Alle er velkomne til å bi med ut og gå tur!
Les heile saka
Laurdag 23. april arrangerte Sanitetsforeninga strikkekaffe i Sanitetshuset. Sol og fint ver freista nok til uteliv, men likevel var det rimeleg godt oppmøte til Fredrikkekaffeen.
Les heile saka
To målgrupper kan no få tilbod om ekstra oppfriskingsdose etter avtale: FHI opnar for at eldre frå 80 år og oppover og personar med alvorleg svekka immunforsvar no kan få tilbod om ei ekstra oppfriskingsdose. Det er den velprøvde vaksinetypen frå Pfizer som er aktuell.
Til personar med alvorleg svekka immunforsvar – Dersom din behandlande sjukehusspesialist anbefaler deg fleire doser koronavaksine enn du har fått til no, ber vi deg ta kontakt med vaksinekoordinator på Vaksinetelefon: 913 79 001 (mån. – fre. kl. 09.00 – 15.00)
Les heile saka
Endeleg er det tid for å prise våren – dei handlande i Røtet/Syltøran arrangerer tradisjonell vårfest no fram mot helga. Eiksentret har ein lang tradisjon som er godt innarbeidd, og dette har naboane også hiva seg på. Og naboane er i denne samanhengen Hageland Surnadal, Byggmakker Surnadal, Rørservice, Trollheimen Treningssenter og Sveen Auto.
Les heile saka
Eit sikkert vårteikn er sanitetskvinner som sel maiblomster, i år er det i Todalen sal av maiblomstkrans og bilblomster, ein kan altså pynte både seg sjølv og bilen ved å støtte ei god sak.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 23. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Sidan 2015 har Todalen sanitetsforening, Surnadal sanitetsforening og SpareBank 1 – Nordmøre (Surnadal Sparebank fram til juni 2020), i samarbeid, delt ut Goodiebags til russekulla i Surnadal kommune. Goodiebagsane blir delt ut under eit arrangement i SpareBank1 sine lokalar på Skei komande onsdag. Dit blir alle som er russ ved Surnadal videregåande skule i år invitert. Her deltek også helsesøstra, saman med banken og dei to sanitetsforeiningane.
Les heile saka