Det er ikkje berre løse takplater i turstien. I den sterke vinden som har vore i ettermiddag og kveld så har det og vore eit par vindfall.
Les heile saka
Det er ikkje berre løse takplater i turstien. I den sterke vinden som har vore i ettermiddag og kveld så har det og vore eit par vindfall.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Les heile sakaHar du mista solbrillene dine på tur frå Bruset og innover langs elva mot Fosstrøinn? Solbrillene på biletet heng på grein langs stien.
Les heile sakaDet er lause takplater på løa som står i Gunnøya – I dag er det meldt sterk vind, og vi vil oppfordre folk som ferdes i området til å være merksame på faren.
Les heile sakaSnart er det klart for servering på Todalshytta, som minner om balldag tysdag frå kl 15:00 og utover til kl 18:00. Som vanleg er det både sildball og potetball på menyen, og sjølvsagt supplert med vanleg tilbehør. Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 975 16 103.
Denne veka har Bergen og Voss arrangert NM-veka, der 11 idrettar i løpet av 4 dagar skal gjennomføre 23 norgesmesterskap, der heile 68 NM-vinnarar skal kårast. NM i Randonee er mellom idrettane som står på programmet, og der sikra Erik Kårvatn sølvmedalje i laurdagens sprinkonkurranse, nokre fattige sekund etter vinnaren Hans Inge Klette frå Voss, som konkurrerte på heimebane.
Les heile sakaLaurdag 2. april mellom klokka 12:00 – 16:00 inviterer styret og driftsstyret i Todalen Idrettslag til dugnad på Bordholmen stadion. Klatrerommet skal vaskast og klargjerast for bruk. Det skal ryddast i redskapshuset slik at arbeidet med aktivitetsromet kan startast opp. I tillegg skal benkane køyrast ut og hol i vegen ned til Bordholmen fyllast med grus. Det er difor ønskeleg at den som har, tek med seg bilhengar, eller firhjuling med hengar.
Les heile sakaKrigen i Ukraina har ført til den største flyktningestraumen i Europa sidan andre verdskrig. Surnadal kommune er anmoda om å busette 100 ukrainske flyktningar. Vi veit ikkje nøyaktig når og kor mange som kjem hit, men vi må kunne ta i mot og gi nødvendig hjelp på kort varsel. Mange av dei som kjem hit vil vere mødre med barn, men også eldre og einslege mindreårige kan komme.
Les heile sakaVeden varmar fleire gong blir det sagt, og det stemmer nok. Når feller, sagar, kløyver, og når ein stablar, til slutt når ein bær den inn og fyrer. Uansett er det iallfall tid for å tenke på neste vinter og få fram vedforsyning som skal tørke og være klar til bruk til kultda sett inn på seinhausten
Les heile sakaNatt til søndag er tida kome for å stille om til sommartid igjen. Nærare bestemt kl 2 på natta skal du flytte klokka fram til kl 3 for å være heilt nøyaktig. Det er no mange som spekulerer på om klakka skal stilles attover eller framover. Her er det ein enkel regel at klokka skal stilles mot sommaren både på våren og på hausten – det er lett å hugse.
Les heile sakaEr du heldig så kan du no finne gevir som hjortane har felt. Kristian Gjeldnes var ute på trimtur til Hyllå (Eller Ja-benken om du vil) og fann da eit flott gevir i ekkerkanten innafor Husby.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. NB! Merk datoen!
Les heile saka