Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konstruktivt medlemsmøte med stort engasjement

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. oktober 2022

I går kveld hadde styret i Todalen Idrettslag kalla inn sine medlemmar til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Bakgrunnen for møtet, var at styret i idrettslaget, ønskte å høyre kva for aktivitetar medlemmane ønsker at idrettslaget skal drive med i framtida og korleis desse skal organiserast. Knapt tretti medlemmar møtte opp. «Det vart eit positivt møte med mange gode diskusjonar og innspel», sa leiar i idrettslaget Elinor Bolme etter møtet. «Vi fekk mange gode innspel og forslag, som styret no skal arbeide vidare med fram mot årsmøtet neste år», la ho til.

Mange engasjerte medlemmar møtte opp på medlemsmøtet i Todalen IL. Foto: B G Ansnes

Første sak på saklista, var om idrettslaget skulle fortsette å arrangere julebord og tredjedagsfest med revy, Dei frammøtte medlemmane var positive til å arrangere båe arrangementa, men det var brei semje om at ei revyfest krev ganske mykje arbeid i forkant, både for å skrive revy, og ikkje minst få med folk med på scena. Det vart difor vedteke å sende ut oppfordring til medlemmane om å melde seg, både for å skrive revy og å vere med på scena. Så dersom nokon vil vere med på dette, så må dei ta kontakt med Svein Håvard Brøndbo på telefon 986 50 334 snarast, og seinast søndag 16. oktober. Dersom det ikkje blir nok som melder seg til dette, så blir tredjedagsfesta med revy ikkje arrangert av idrettslaget. Julebordet blir eit arrangement der Todalen Idrettslag samarbeider med Todalen bøgdalag.

Andre saka som vart diskutert var om det skal byggast nærmiljøanlegg på Bordhomen stadion eller ikkje? Det vart på årsmøtet 2020 vedteke å lage ei plan for eit slikt anlegg, eit anlegg som kan brukast både sommar og vinter. Prosjektarbeidet er no ferdig, og søknad om tippemidlar er levert og godkjend. Nærmiljøanlegget er kostnadsrekna til totalt å koste over 600.000 kroner totalt. Dette beløpet inkluderer dugnadsinnsatsen for å få anlegget bygd. Av totalsummen får idrettslaget rundt 50 prosent i tippemidlar. Bordholmen er eit anlegg som blir mykje bruka, både sommar og vinter. I tillegg har bygda ballbinge ved Todalen oppvekstsenter, som blir mykje bruka av ungane i bygda.  Medlemmane vedtok å oversende forslag til årsmøtet om å skrinlegge nærmiljøanlegget, og heller foreslå at noko av den planlagde investeringa blir bruka på allereie eksisterande anlegg og eventuelle nye. Det vil difor bli teke kontakt med kommunen med tanke på å få til ein meir formalisert bruk av ballbingen ved Todalen oppvekstsenter.

Siste saka på medlemsmøtet var å gjere om klatrerommet i reiskapshuset på Bordholmen til aktivitetsrom. Sidan klatring er definert som ein «risikosport», er det strenge krav, både til sikkerheitstiltak og vakthald, når rommet skal brukast. Difor har det kome innspel om å heller gjere om rommet til eit aktivitetsrom, med aktivitetar som kunne ha vore tilgjengelege for fri bruk heile tida. Her var det delte meiningar om ei slik omgjering. Det vart difor vedteke å oversende også denne saka til årsmøtet for endeleg avgjerd der.

Idrettslaget fekk mange gode innspel og forslag for framtida under medlemsmøtet. Foto: B G Ansnes

Elles vart det orientert om at idrettslaget har avtale med Surnadal kommune om å få bruke gymsalen ved Todalen oppvekstsenter til aktivitetar i idrettslaget sin regi på tysdagar og torsdagar. Det vart understreka at det er desse dagane som er disponible for idrettslaget sine aktivitetar.

Det vart også orientert om at det må gjennomføre dugnad i lysløypa på Tjønnmyra og i Toåa tursti. Nærare datoar og tidspunkt for desse dugnadane blir bestemt seinare, og annonsert her på todalen.no.

Til slutt vart det orientert om at massasjestolen på Hett & Svett er oppbrukt, men at styret i idrettslaget er i gang med arbeidet for å få erstatta denne med ein ny massasjestol, så raskt som mogleg.

 

Publisert: 6. oktober 2022, 05:15