Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 30. mai. Start frå Matkroken Todalen kl. 11:00. Blir du med på tur?
Les heile sakaService på Hett & Svett
Servicetekniker Jack Morstøl frå Sportsmaster AS i Tønsberg var i dag på Heitt og Sveitt for å ta ein grundig service på treningsapparata. – Dei aller fleste apparata er innkjøpt frå same firma, og med såpass mykje bruk av treningsrommet til idrettslaget, er vedlikehald på utstyrsparken våre eit must for lang levetid, seier leiar Elinor Bolme i Todalen Idrettslag.
Les heile sakaNy attraksjon i Toåa tursti
No er det komme enda ein attraksjon i Toåa Tursti. Ragnhild er ein ihuga todalspatriot, og ivrar for at kunnskap om bygda når fram til kommande generasjonar og andre interesserte. I den anledning kom det ein førespurnad om det kunne opprettast eit pop-up-bibliotek i gapahuken i Båthølen. Her kan alle som fer innom, no finne eit og anna å lese i.
Les heile sakaBli med Fjellgruppa til Hennafjellet
Tysdag 31. mai inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til tur til Hennafjellet i Heim kommune. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Hennset. Fjellgruppa har med seg kjentfolk som vil vise fram kor ein skal parkere, og dei vil også gå først oppover stien.
Les heile sakaVårsøghelga 26. – 29. mai 2022
26. – 29. mai er det igjen duka for Vårsøghelg i Surnadal. Vårsøghelga 2022 har eit variert og innhaldsrikt program. Der Kleivakvelden, for mange, er sjølve høgdepunktet. I år blir Kleivakvelden arrangert på Kleiva laurdag 28. mai klokka 18:00. Her kan dei skilte med artistar som: Bjørn Tomren, Mahsa Vahdat, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Heine Bugge, VOX og Surnadal hornmusikk.
Les heile sakaKonfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje
Laurdag 28. mai klokka 14:00 inviterer Todalen sokneråd til konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Liturg under gudstenesta er Cathrine Grutle, medan Bernt G. Bøe er organist. Takkofferet denne laurdagen går til konfirmasjonsarbeidet på vipps 506908.
Les heile sakaSkikkeleg regnvêr i vente, men kaldt i høgda?
Vêrmeldinga på yr.no melder skikkeleg regnvêr til helga – spesielt er laurdag utsett med nedbør opp mot 70 mm på døgnet. Saman med snøsmelting kan det gje store vassmengder i Toåa-vassdraget og sideelvane. Denne veka har det vore forholdsvis høg lufttemperatur, og stor snøsmelting som har ført til stor vassføring, utan at elvane har vore flaumstore. Vassmålaren som NVE har ovafor Storfossen har på det meste registrert rundt 40 mm i sekundet.
Les heile sakaStavgangarane tok Svinvikrunden
I overkant av 30 stavgangere stilte til start for å gå Svinvik-runden i dag. Dette er en såkalt Stikk Ut tur som er svært populær, og derfor har høye besøkstall.
Les heile sakaFjord1: Normal drift på rute 46 – Kvanne – Rykkjem
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Arbeid i forbindelse med elektrifisering av sambandet blir fra og med i morgen 26. mai midlertidig avsluttet. Dvs. at fra natt til 27. mai så vil sambandet ikke lengre bli nattestengt. Minner i den sammenheng om at det er søndagsrute den 26. mai. Det vil bli varslet når arbeidet med elektrifiseringen starter opp igjen, skriv Fjord1 i ei pressemelding.
Fjellgruppa på tur til Storhaugen
I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin vekentlege tur til Storhaugen i Todalen. 23 turglade vandrarar møtte opp på Todalshytta for å legge i veg opp mot Storhaugen, med kjentmann Gudmund i front! Fin veg og sti, men det bar oppover, men opp dei 300 høgdemetrane skulle dei, alle som ein!
Les heile sakaInviterte til lunchselskap for godt vaksne
Tysdag inviterte omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening alle godt vaksne sambygdingar til lunch, og jammen samla dei eit stort trettital rundt lunchbordet i Sanitetshuset. Dette er ei påskjønning og tildeling av velferdsmidlar frå NKS sentralt, og er tenkt for at eldre skal kome seg ut og være sosiale. Eller rett og slett for å sjå andre ansikt enn ein ser til dagleg, som Maren sa da ho ønska gjestane velkomne til bords til eit hyggeleg måltid
Les heile sakaTravel tid med robotmontering
No når varmen kjem er det ei travel tid for Arild Mogstad på Eiksentret i Surnadal. Da er det både sal og montering av nye kløpparar, og utplassering av kløpparar som har vore inne på «plenklipparhotel» i vinter for lagring og vedlikehald
Les heile saka