Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sykkeltrimmarane sesongavslutta i går kveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. september 2022

Sykkeltrimmarane i Todalen avslutta sesongen i går kveld, der sesongens siste «ritt» gjekk til Nordvik. «Turen gikk til Nordvik via gammelvegen og kammen/Brenna/Snøya», fortel Terje Nordvik.

Les heile saka

Er du klar for Lorth Phillips fårikåldag

Jon Olav Ørsal Måndag 26. september 2022

Laurdag 1. oktober inviterer Todalshytta til fårikåldag basert på årets lam. Siste veka på september er det lang tradisjon for å lage fårikål for å smake på årets lam. Lam som nærast er komene direkte frå fjellbeite i Trollheimen er vel noko av det ypperste du kan få som råstoff, seier Kjell Arve Vikavoll som skal sørge for at dette blir vellukka

Les heile saka

Kløvertur i sol og landvind

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. september 2022

Sol og landvind, nydeleg turområde og stort turfølge; betre kan det nesten ikkje bli på Kløvertur ein måndag sist i september!

Les heile saka


Tømmekalenderen for fjerde kvartal er lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. september 2022

Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papp og papir, plastavfall og matavfall, for fjerde kvartal 2022 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Fjerde kvartal strekker seg frå 1. oktober – 31. desember. Tømmekalenderen for første kvartal 2023, vil bli lagt inn siste halvdel av desember månad. 

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 26. september 2022

Fredag 30. september, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helgakaffen. Lia gard feirar samtidig at inngangspartiet er pussa opp, ved å trekke ut ein heldig vinnar, av dei som førehandsbestiller innan onsdag, som får 5 skulebollar! 

Les heile saka

Fritidsrenovasjonen er ei utfordring i Todalen

Jon Olav Ørsal Sundag 25. september 2022

I fjor endra Remidt hytterenovasjonen i Surnadal kommune. Dette inneber at søppeldunkane for renovasjon for Todalen vart flytta frå Talgø og Matkroken Todalen til Haugen vegkryss. Dette inneber mykje ekstra køyring for dei med hytter i Todalen når dei har fått meir enn dobla avstanden til søppeldunkane. Medan ein tidlegare kunne levere søppel samstundes som ein handla, må ein nå køyre 12 kilometer (ein veg) for å levere søppelposane sine

Les heile saka



«Artighet varer lengst» på Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 24. september 2022

Tysdag 27. september klokka 19:00 kjem humorgruppa Kevli Rånes Bremseth til Surnadal kulturhus. Humorgruppa kan i 2022 feire at det har gått ti år siden dei hadde premiere på sitt første show. Sidan den gong har dei produsert og framført fem humormusikalske show som dei har reist rundt med i store deler av landet. No er dei igjen på vegen, denne gong med den etterlengta jubileumsforestillinga «Artighet varer lengst». 

Les heile saka

Stavgang langs Søya

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 23. september 2022

I går tok Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgangen sin ved elva Søya. Det var 27 pensjonistar som gjekk elvepromenaden langs elva Søya. 

Les heile saka

Fjellgruppa sesongavsluttar med tur til Gråfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 22. september 2022

Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til sesongens siste fjelltur tysdag 27. september. Den siste turen, i år, går til Gråfjellet. Møt opp på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 9:30 for samkøyring til Nordvik og bomvegen opp til Nordviksetrene. 

Les heile saka