Todalingen Leif Arne Ness (53) har takka ja til tilbod om å bli, ein av to materialforvaltarar i nybakt seriemeistar Molde Fotballklubb. Han kjem frå tilsvarande stilling i Sandefjord Fotball, der Leif Arne har vore materialforvaltar i sju sesongar, sidan januar 2016.
Les heile saka
Torsdag 15. desember inviterer Trollheimen Fjellsportklubb sine medlemmer til handlekveld på Kårvatn Fjellutstyr mellom klokka 18:00 – 21:00.
Les heile saka
Torsdag 8. desember klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag til trim i Trudvang. Surnadal Pensjonistlag har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Les heile saka
Bak luke 6 var det jammen 2 gevinstar i dag også – den eine gevinsten var eit flott par varme ullsokkar som vart vunne av Ingrid og Dan Roger Pedersen. Dette var nok ein gevinst som er rett i tida, ettersom vinteren no kryp innpå oss. Den andre gevinsten derimot …
Les heile saka
Under mottoet: «glede, lykke, mestring og tilhørighet», inviterer Fellowman Surnadal til julekonsert i lokala til Frivilligsentralen onsdag 7. desember klokka 17:30. Det blir gratis kaffe og kaker.
Les heile saka
Trekninga for måndag 5. desember er klar – det er 2 gevinstar som ligg bak luke nr 5 – Ein flott brødboks full av havrekjeks med Andreas og Tore Talgø som vinnarar. Havrekjeksene er sjølvsagt heimebaks av beste sort! Den andre gevinsten er kjøkkenreiskap som er laga i tre – Her er det Nestua på […]
Les heile saka
Fredag 9. desember, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til bakeriutsal. Her er det mogleg å få kjøpt både grovbakst og ein godbit til helga. Sidan dette er nest siste utsal før jul, så er det også mogleg å sikre seg ein «godbit» til jul!
Les heile saka
I helga har Romsdal Randoneeklubb arrangert Classic Norway Hotels randoneecup på Bjorli. Laurdag var det NM i sprint og i dag var det Norgescup. I juniorklassen U20 var det todalingen og landslagsutøvaren Erik Kårvatn, som representerer Trollheimen fjellsportklubb, som var raskast under båe løpa i juniorklassen, og kan dermed kalle seg Norgesmeister i randonee sprint!
Les heile saka
Det var over 40 frammøtte på ei flott lysmesse i Todalen kyrkje søndag. Dyktige konfirmantar stod for tekstlesing, presten held ein glimrande tale om nettopp lyset og kjærleiken, og Torbjørn Brøske stod for musikken. Kyrkjelyden song av full hals, og det var ei stemning til å ta og føle på.
Les heile saka
Todalshytta melder at servering av juletallerken søndag 4. desember er avlyst grunna sjukdom.
Denne dagen er det heile 3 gevinstar – det er ei julestjerne med lys – her er vinnaren Tove Talgø Brøndbo. Dei to andre gevinstane er gryteklutar – det eine settet er i raudt og kvitt mønster, medan den andre er einsfarga kvitmønstra. Dei hamnar i Bekkerhagan….
Les heile saka
Det vart ein fin jubileumskonsert for kulturhuset, da 2o-årjubileet vart feira med ein flott konsert i Storstua laurdag kveld. Spesielt vart vi imponert over Batteri som ikkje har spela saman på 5 år, men som fann att tråden både med publikum og kvarandre. Dei beviste enno ein gong at dei er dyktig og kreative musikarar som […]
Les heile saka