Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar til lunsj i Sanitetshuset laurdag 26. november kl. 13:00. Her blir det god og gratis mat.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer godt vaksne todalingar til lunsj i Sanitetshuset laurdag 26. november kl. 13:00. Her blir det god og gratis mat.
Les heile sakaMagasinet Sport, har over fire sider, laga ein reportasje om butikkdrifta på låven på Kårvatn. Magasinet Sport er eit bransjemagasin for sportsbransjen. «Det er veldig stas å få omtale her», seier Fredrik Thoresen Sletten hos Kårvatn Fjellutstyr.
Les heile sakaI midten av oktober markerte det lokale eltilsynet i S-Nett «Elsikkerhetsdagen» – den nasjonale dagen for å ta kontroll over di eiga elsikkerheit. Nettkundane i Møre og Romsdal kunne, i samband med dette, gjennomføre ein digital eigenkontroll som ville avdekke potensielle brannfarar i heimen. Meir enn 20 000 husstandar gjennomførte kontrollen og på den måten gjorde heimen sin litt tryggare.
Les heile sakaPå vegkanten på tur til Kårvatn trefte vi to som var i full gang med vedhogging. Det kan kanskje sjå slik ut at dei er seint ute med vedhogginga no, men nei – dei er heller tidleg ute, for dette er ved til neste vinter, fortalte dei to – Elin Kårvatn Gulla og Stig Are Gulla. – Dei ville nytte det fine haustvêret til å drive litt vedhogging. Og vêret var nok heilt prima, for det var fønvind og 7-8 varmegrader da dei dreiv på like ved Vassosen.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til siste «Felles middag» før jul, på kyrkjelydshuset onsdag 30. november klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det frå klokka 16:00 blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile sakaTodalen Idrettslag og Todalen bøgdalag sitt planlagde julebord 3. desember blir avlyst. Grunnen er for få påmeldte til julebordet. Det er mykje arbeid som ligg bak det å arrangere og lage god og variert mat til eit julebord. Vurderinga er at responsen, i form av påmeldte, ikkje står i forhold til dette arbeidet, og det er difor bestemt å avlyse julebordet.
Les heile sakaTradisjonsrike Jul på Nordmøre er inne i sin 87. årgang, og no er 2022-utgåva av juleheftet i handelen. Årets utgåve har meir enn tjue skribentar på lista. Her vil lesarane møte både gamle og nye skribentar.
Les heile sakaSurnadal kunstforening inviterer laurdag 26. november klokka 13:00 til opninga av kunst- og fotoutstillinga «Haustlys» i Galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. Tema for utstillinga er kortreist, gjenbruk og redesign. Det er fem utstillarar på utstillinga. Utstillinga «Haustlys» er open i perioden 26. november – 10. desember.
Les heile sakaEtter ein suksessfull thai-buffe med fullt hus sist helg, er det no klart for lutefiskaften på Todalshytta komende laurdag. Lutefisk er nok ein tradisjonsrik julerett for mange, men lutefisken har også førjulstradisjonar i mange heimar. Laurdag kveld finn du altså lutefisk som einaste rett på menykartet på Todalshytta.
Les heile sakaPå Matkroken Todalen er trimgruppa i gang med salet av julekalendrar. Dette prosjektet er nytt av året, og skal gje nokre ekstra slantar i kassa for TILs trimgruppe. Julekalenderen har gjevinstar kvar dag frå 1. desember og fram til og med julaftan, og vinnaren blir kunngjort kvar dag fram til jul på Todalen.no. Kvart lodd på julekalenderen kostar kr 100,- og du kan kjøpe så mange du vil!
Les heile sakaVårsøghelga 2023 blir arrangert i Surnadal frå 25. til 28. mai Allereie no begynner programmet å fyllast på, og Vårsøghelga er stolte av å kunne presentere Elisabeth Bettan Andreassen og Knut Marius Djupvik som to av artistane under Kleivakvelden 27. mai klokka 18:00.
Les heile sakaNest siste måndagen i november var det retteleg kald vind frå aust, men kløvertur vart det! Ikkje så mange deltakarar, men godt påkledde og såg mest ut som «polfarar».
Les heile saka