Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Spør ein gartner – kom igang no og planlegg hagen din

Jon Olav Ørsal Torsdag 26. januar 2023

Hubertine Roebroek er gartner på Hageland, og er no i full gang med å førebu våren og ny sesong i hagen.  Det er enno god tid for å så dei fleste sortane, men det lønner seg å få enkelte frøsortar i jorda alt no – foreksempel chili, paprika og blomstersortar som blodbeger – og enkelte andre sortar. I butikken på Hageland finn du no både frø, såjord, gjødsel, minidrivhus og enkle lysanlegg – alt du treng for å starte tidleg. 

Les heile saka

Surnadal bibliotek startar «lesesirkel»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 25. januar 2023

Saknar du å prate med andre om bøkene du les? Da kan du no bli med i Surnadal bibliotek sin «lesesirkel». Her kan du dele leseglede og leseopplevinga med andre. Ein les same bok, men kvar for seg — og samtalar om boka på «lesesirkel»-treffet, over ein kopp kaffe eller te.

Les heile saka

Årets bilete 2022

Guro Redalen Tysdag 24. januar 2023

Motiv med både fire og to føter, himmelfenomen og spegelblank fjord er noko av det som kan oppsummere året 2022. Det er klart for å gå til avstemming for årets bilete!

Les heile saka

Trio på topp på Senterpartilista i Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 23. januar 2023

Måndag ettermiddag kunne Surnadal Senterparti presentere listetoppane til haustens kommuneval.  Det har vore knytt stor spenning til nominasjonsprosessen etter at Margrete Svinvik ga beskjed om at ho ikkje stilte til gjenval.  Det er mykje som skal klaffe i ein slik nominasjonsprosess, og no var altså tida inne for å presentere den nye trioen på toppen av lista.  

Les heile saka

Bli med på trim i Trudvang

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 23. januar 2023

Torsdag 26. januar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!

Les heile saka

Det er knytta spenning til byggebransjen

Jon Olav Ørsal Sundag 22. januar 2023

Vi opplever at det er knytta spenning til aktiviteten i byggebransjen, men opplever også at det er stor etterspørsel etter bustader – både lokalt og i heile regionen.  Talgø dei siste årahar sikra seg byggekapasitet gjennom oppkjøp av Talgø Agrobygg i Bindal kommune, Tradbo i Tingvoll og no sist Einar Mork Snekkerverksted i Averøy.

Les heile saka

Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 22. januar 2023

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Vanlege årsmøtesaker. Fullstendig sakliste vil bli kunngjort her på Todalen.no 7. mars. 

Les heile saka

Hobbyfiskar med naggelbit og nattstått bruk

Jon Olav Ørsal Fredag 20. januar 2023

I fjæra i Hyllnesbukta trefte vi Stig Are Gulla i ferd med å gå i land etter ein båttur utpå fjorden.  Stig er ivrig hobbyfiskar, og har vore utpå for å sette ut garn i området ved vorpneset.  På nyåret har det vore såpass kaldt og vindfullt, så det har vore eit begrensa aktivitetsniva, fortel han.

Les heile saka

Gudsteneste i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 20. januar 2023

Todalen sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 29. januar klokka 11:00. Bjørn Hovde er liturg, medan Bernt G. Bøe er organist. 

Les heile saka

Surnadal hornmusikk feirar 125-årsjubileum på laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 19. januar 2023

Laurdag kan Surnadal hornmusikk endeleg få feira sitt 125-årsjubileum. Jubileet var i 2021, men på grunn av koronaen vart jubileumsfeiringa den gongen utsett. Laurdag 21. januar klokka 19:00 inviterer dei, saman med vener, til jubileumskonsert i Storstuå på Surnadal kulturhus klokka 19:00. Frode Alnæs er kveldens konferansier.

Les heile saka

Mildvêr og regn i sikte

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. januar 2023

Det fine vintervêret vi har harr dei siste dagane, tek nok snart slutt.  Frå måndag og utover veka blir det ein mildare vêrtype og litt regn.  Før helga forsett det med opphald og tildels fint vêr, med temperaturar som så vidt viser kuldegrader.  På yr.no ser vi at det blir eit skifte frå måndag.

Les heile saka

Velkomen på fellesmiddag på kyrkjehuset komande onsdag

Jon Olav Ørsal Onsdag 18. januar 2023

Det er kyrkja i Surnadal som inviterer til fellesmiddag på Kyrkjehuset onsdag 25. januar, med start kl 16.30.  Dersom du et middag åleine, kan det være triveleg å ete i lag med nokon eller kanskje kan det være godt å sleppe både matlaginga og oppvasken etterpå.  Meld deg på og bli med på ein triveleg fellesmiddag!

Les heile saka